36. Kvåle (i Gullfjordungen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 229 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a (eller i) Huale. Det vert no sagt Kvaolé2 (i Gùllfjórùnjæ); han búr pao, è tao Kvaolé, ska tì Kvaols. Det er same ordet som gn. hváll m. liten haug (i genitiv hváls, dativ hváli).

Kvåle var heil gard i 1661 med skyld 5 laup 1 spann og tri brukarar. Elles er berre sagt um garden at der var vedaskog. Skyldi er den same i 1723, men med tillegg av 12 mark for Kvålsteigen «som er en slaatteteig som ikke kan skilles fra gaarden». Det var då vedaskog og humlagard til eige bruk, 1 flaumkvern, men ikkje fiske. Garden var årviss for kornavl og sers lettvinn. Skyldi er 1777 og 1838 5 laup 12 mark for Kvåle med Kvålsteigen og umskrivi 1838 til 14 dalar 2 ort 16 skill. Samanlikningstalet var då 2190. Kvålsteigen som høyrde til bruk 1 og 2, var då brukt berre som skogteig. Han ligg sør for Vangsvatnet. På bruk 4 og 5 var det brennefang. Korleis det elles var, er ikkje sagt noko um.

Matrikkelen for 1865 fører upp: 37 mål åker, 13,5 mål dyrka eng, 55 mål god, 106 mål medels natureng og 72 mål skrapebø. Det var ring hamnegang, vedaskog, men ikkje timber. Kvart bruk kunde selja ved for 2 spd. um året. Garden var medels lettbrukt, hadde ikkje fiske eller andre lunnar og var utsett for sviding. Bruk 1 og 3 var dyrka betre enn vanleg og bruk 4 og 5 som vanleg. I 1918 var det 45 mål åker, 33,5 mål kunsteng og 64 mål natureng.

Folketalet på Kvåle var 27 i 1801, 44 i 1865 og 44 i 1920.

--- side 230 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Kvåle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4 24 33
1723 4 44 36 48
1865 4 40 84 90 ½ 128
1918 6 30 69

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 2 laup i Kvåle. I Diplomatariet er eit brev frå um lag 1303 (DN. I. nr. 98) der det er upplyst, at Torbjørn på Kvåle fekk


Bilete 27. Kvåle. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 27. Kvåle. Fot. P. Braaten 1935.

1 mmb. i Kyte hjå Einar Pinnung i saki hans um Byrkjo. Brev av 1340 (DN. V. nr. 144) kunngjer at brørne Eindrid Stub og Svein Bergulfsson avstod 3 spann i Kvåle til hovudprest Eindrid på Voss for utlegg til Besse på Tvilde. To menn kunngjer i brev av 1348 (DN. V. nr. 204) at Einar Stub vedgjekk at han hadde fått hjå Eindrid Petersson, hovudprest på Voss, 18 såld korn for seg og Svein, bror sin, og 4 vårfødde kyr for Olav sin måg for 1 mmb. i Kvåle. Odd Arnbjørnson sannkjenner i brev av 1472 (DN. VIII. nr. 394) at han har makeskift 11 mmb. i Kvåle til hr. Alf Knutson og fru Magnhild (Oddsdr.) mot 12 mmb. i Midtunet i Vinsand.

--- side 231 ---

I 1521 budde Sjur på Kvåle og betalte 5 mark 3 skilling 4 lodd sylv i skatt og breffbrot. Vincents Lunge åtte etter si jordbok av 1535 1 laup og 2 huder i Kvåle. Det var to brukarar i 1563: Hoffuerd (Håvard?) og Odd. Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte i 1582 til kongen 1½ laup 1 spann Finnegods i Kvåle. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja hadde 1 pund smør som landskyld av eit bruk i Kvåle og 1 såld korn 1 pund smør av eit anna, som kyrkja åtte. I 1654 var landskyldi ½ pund smør av eine bruket og 1 såld korn og 1 pund smør av det andre. Knut var leiglending 1591 og 1611. Øystein er førd upp fleire gonger i tidi 1603-1635 som brukar og Sjur likeins 1603-1614. Henrik var leiglending 1621 og 1629 og åtte fyrste året ½ laup i Hjørnevik og saman med Gudleik Gjerstad 16 mark i Sygnaberde.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på kvar av dei to bruki var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Øystein og Henrik var leiglendingar. Det heiter at jordi var «temmelig god» til avling. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset med 2½ dalar 1 ort 6 skill. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen til Apostelgodset i Kvåle 2 spann smør og 2 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 1½ laup 1 spann i Kvåle, som var Finnegods og hadde fått skøyte av kongen på det i 1648. På dette var det 2 spann smør, 2 bukkskinn i leidang, 2½ dalar 16 skill. i skatt, 2½ ort 4 skill. i fornødspengar, 2½ ort 4 skill. i arbeidspengar og 3 ort 31/3 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut skøyta det attende til kongen i 1651. Han selde det so 1657 til Gabriel Marselis. Eirik var då leiglending. I Skattemanntalet 1657 for Finnegodset står at det åtte 2½ laup 30 mark i Kvåle.

Guttorm var brukar 1635, 1640, Olav Olavson, g. m. Augnun i 1635, 1645 og Anders Lauritsson, g. m. Aldis, i 1645, 1657 og 1659. Eirik Rogne budde 1658 i fyrste tun. Eigarane i 1661 var: Kongen 3 spann, Vangskykja 2 pund 6 mark, Finnegodset 1½ laup 1 spann, Vangens sokneprest 2 laup. Det var tri leiglendingar: Ei enkje og to med namnet Anders. Anders er nemnd som lagrettemann fleire gonger 1658-62. Som vitne i saki um Krossaset 1664 har han m. a. upplyst at ikring 1659 budde på Kvåle Arne Corresen, då 80 år gl., uppalen på Kvitno, Bord. Jon Kvåle er stemnd i 1662 for landskyld og anna for 3 laup. Han må difor ha vore brukar då. I 1664 var Torfinn Henrikson,

--- side 232 ---

Knut og Nils brukarar. Knut Torfinnson og Olav Arneson var leiglendingar i fyrste tun 1668. Eigarane i 1691 var: Klas Henrikson 1½ laup 18 mark, Vangskyrkja 2 laup 2 pund 6 mark og Christen Nielsen 2 pund. Dessutan åtte kongen 12 mark i Kvålsteigen. Brukarane var Jon, Knut og Gudleik og i Kvålsteigen Endre. Det var likeins i 1695 med det undantaket at Ingjerd Miltzow då var eigar av 1½ laup 18 mark i staden for Klas Miltzow.

Folketeljingi 1701 fører upp to leiglendingar: Jon Knutson 36 år, og Eiliv Sjurson 48 år. Fyrste tunet på Kvåle var offisergard i siste parten av 1600-talet og i fyrste luten av 1700-talet. Ein offiser skulde ha rett til å bu der og bruka garden mot å svara landskyldi. Futerekneskapane syner at løytnanten ved Hardanger og Voss kompani i 1669-73 hadde 2½ laup 6 mark og 1675-81 5 laup i garden og truleg det same i 1701 og lenger. Premierløytnant Henrik Biernet ved Vossakompaniet hadde samstundes frigard både på Kvåle og Bø, Dyrved.

Det var halde oversjå på garden i 1702. Det er då upplyst: Fyrste tunet var på 2 laup 1 pund 18 mark med Eiliv som brukar sidan 1691. Han kom etter Gudleik Nilsson. Eigarane var kongen 1 laup 1 pund, Vangskyrkja 2 pund og Christen Weinwich 1 pund 18 mark. Andre tunet hadde i skyld 2 laup 2 pund med Jon Knutson som brukar. Eigarane var Laurits Miltzow 1 laup 2 pund 6 mark, kongen 2 pund 6 mark og Vangskyrkja 12 mark. Det hadde vore stelt reint ille med både jordi og husi til dess Eiliv kom til garden i 1691 og Knut Jonson kom i 1668. Dei hadde båe vølt mykje um både hus og gard. Kvålsteigen var 1681 lagd i ser skyld 12 mark.

Eigarane i 1714 var: Kongen 2 laup 6 mark, Markus Faye 2 pund, skipper Johan Kaae 1 laup 2 pund 6 mark og Vangskyrkja 2 pund 6 mark. Kongen åtte dessutan 12 mark i Kvålsteigen. I 1723 åtte kongen og Vangskyrkja det same som i 1714, men brukarane var no eigarar av resten i Kvåle. Kongen selde i 1723 Vangskyrkja, og parten hennar i Kvåle fylgde då med.

Ved oversjået 1702 er tilført, at andre tunet låg mest øyde til 1668 då Knut Jonson bygsla det. Deretter fekk sonen Jon garden. Han kjøpte i 1722 1 laup 18 mark i Kvåle og bygsla 6 mark som kongen åtte i Kvålsteigen. Jon kjøpte i 1732 ogso 2 pund 6 mark i fyrste tunet. Sonen Knut Jonson fekk skøyte 1726, 1730 og 1734 på tilsaman 2½ laup i Kvåle og enkja hans

--- side 233 ---

kjøpte 1761 løysningsretten på 1 laup 2 pund 6 mark i fyrste tun. Knut var f. 1701, gift 1725 m. Brita Knutsdr. Dagestad, f. 1697 og døydde 1759. (Sjå boki um Dagestadætti nr. 279.) born: Anders f. 1726, Ivar f. 1728, sjå bruk 3 Kvåle, f. 1729 døydde ugift i Kjøbenhavn, Jon f. 1736, gift til Gjerstad med enkja Ingebjørg Knutsdr., Guri f. 1731, g. 1. 1756 m. enkjem. Viking Halldorson Veka, 2. 1760 m. ekm. Knut Gusskalkson Røte, gardm. på Store Røte, Marta f. 1733, gift til Vinsand med Knut Person, Dønåt f. 1737, gift til Lisseim m. ekm. Mons Nilsson, Anna f. 1742, gift til Setre fyrst m. Mikkjel Eirikson og sidan m. Knut Magneson frå Rykke.

Anders Knutson f. 1726 gifte seg 1754 m. Ingebjørg Steffadr. Gjerme og døydde 1769. Ho Ingebjørg gifte seg att 1770 m. Knut Nilsson Gjelland. Anders kjøpte i 1760 2 laup 1 pund i Kvåle og fekk 1761 kongeskøyte på løysningsretten til 1 laup 2 pund 6 mark i fyrste tun for 81 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt dette jordgodset av kongen i 1657. I 1763 kjøpte Anders vidare 2 laup i Gjerme og flytte då dertil. Anders og Ingebjørg hadde fem born: Viking f. 1756, Guri f. 1760, g. 1780 m. Torgeir Bjarneson på Røte, Brita f. 1762, g. 1789 m. Knut Ivarson på bruk 2, Anna f. 1764, g. 1806 m. Knut Jonson Lirhus, Torbjørg f. 1766. Viking fekk i 1768 1 laup 15 mark i Kvåle. Framhald bruk 1.

Den andre leiglendingen i 1701, Eiliv Sjurson, var gift fyrst med Synneva Nilsdr. og andre venda med Rannveig Mikkjelsdr. Lid (sjå ættebøkene Glimmeætti nr. 5 b og Lidætti nr. 156) og døydde 1711. Ho Rannveig gifte seg att 1711 med Sjur Aslakson Hefte. Sjur gifte seg andre venda 1719 med Ragnhild Jonsdr. Kvåle og tridje venda 1723 med Gunnvor Eiriksdr. Vinsand og døydde 1753, 72 år gl. Han bygsla i 1711 garden etter Eiliv og kjøpte 1722 2 pund i Kvåle. Eiliv hadde med Synneva fire born: Jakob, Sjur, Gjertrud og Ragnhild. Med Rannveig hadde Eiliv dotteri Synneva. Jakob f. 1681 var gardmann på Fære, og bytte seg 1734 til Helland. Sjur, død ugift. Gjertrud f. 1683, g. m. Per Larsson Glymme. Ragnhild f. 1694, g. 1714 m. Ivar Johannesson Opeland og 1720 m. Olav Berde. Synneva f. 1710, g. 1739 m. Lars Arneson Øvre Lid. Sjur fekk fire born med Rannveig og to med Gunnvor (Herborg, Eiliv, Josef, Brita, f. 1714-1718; Rannveig f. 1726 og Eli f. 1728).

--- side 234 ---

Løytnant de Wahl kjøpte i 1732 1 laup 2 pund i fyrste og 12 mark i Kvålsteigen. Det vart selt att ved auksjon etter enkja åt de Wahl i 1736 til Nils Andersson Vetla Saude for 400 riksdalar. Han var g. m. Sigrid Sjursdr. Setre og døydde 1738, 44½ år gl. Ho gifte seg att 1740 med Lars Johannesson Flatekval, som døydde 1800, 89½ år gl. Lars var fendrik og kjøpte 1740 2 pund i fyrste tun av Sjur Aslakson og 1 pund i Kvåle og 3 mark i Kvålsteigen i 1749 av Anders Nilsson Giljarhus. Lars selde i 1753 ein part kalla Kvålsneset til løytnant Fredrik Holck. Fendriksteigen utmed Hellesnesmerket må ha fått dette namnet den tid Lars budde på Kvåle. Nils og Sigrid sine born var: Anders f. 1724, Ingebjørg f. 1729 og Herborg f. 1734. Lars hadde med Sigrid dotteri Jorunn. Anders vart gardmann på Giljarhus og g. m. Anna Sjursdr. Vike. Ingebjørg var g. m. Brynjulv Tormodson Kjønnagard. Herborg gifte seg 1756 med Anders Sveinson Rong. Framhald bruk 5. Under bruk 4 er framhald um Jorunn Larsdr.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kvåle. Viking Andersson Kvåle f. 1756, var gift 1779 med Ingjerd Olavsdr. Hæve og 2. 1783 med Mari Jensdr. Ullestad og døydde 1826. I 1768 kjøpte han 1 laup 15 mark i Kvåle, selde att 1792 til systermannen Torgeir Bjarneson Røte og flytte til Gjerme. Torgeir var gift 1780 med Guri Andersdr. Gjerme (dotter åt fyrrnemnde A. Knutson) og døydde 1826, 71 år gl. (Sjå Kindem: Røteætti nr. 21.) Torgeir og sonen Bjarne fekk i 1801 og 1811 odelsskøyte på garden. Torgeir og Guri hadde åtte born: Anders f. 1781, som fekk gard på Røte, og var g. m. Marta Eiriksdr. Lydvo, Bjarne f. 1783, Knut d. e. f. 1786, g. m. Ingjerd Nilsdr. Lydvo og kjøpte gard på Raustad, Torstein f. 1792, som var gardmann på Dagestad og g. m. Guro Knutsdr. Raustad, Knut d. y. f. 1800, g. m. Else Johansdr. Vinjo og kjøpte gard på Nedre Skutle, Ragnhild f. 1788, g. m. enkjemann Olav Kjelson Fliseram, Eirik og Lars som båe døydde ugifte.

Andre sonen, Bjarne Torgeirson fekk farsgarden på Kvåle i 1827, gifte seg 1819 med Brita Ivarsdr. Lydvo og døydde 1869. Han var med i krigen mot Sverike heile tidi 1807-1814. Bjarne var uvanleg lett på foten og påliteleg og difor vart han nytta mykje som ordonnans. Ein gong dei var på røming, hadde han

--- side 235 ---

mist brødposen sin. Han hadde då valet millom å svelta ihel eller verta skoten, um han sprang attende. Han sprang attende og fann posen, men svenskane var då nær og skaut etter han, so det sa pip-pip burtetter elvi, medan han sprang etter elvebarden. Ikkje ei kule råka han. Bjarne var viss um at han skaut mange svenskar, sa han, og såg ofte dei sikta på han, men var då eldande snåp til å kasta seg ned og vart aldri såra. Bjarne fortalde og at dei laut skjera av frakkane attantil for å få bøter til broki.

Bjarne og Brita hadde berre ei dotter, Ingjerd f. 1820. Ho gifte seg 1839 med syskinbarnet sitt, Torgeir Andersson Røte, f. 1814, død 1867. Dei fekk garden hjå foreldri hennar i 1842 for 153 spd. Torgeir var med i ymist kommunalt arbeid og kjøpte saman med Johannes Finne ein tridjepart av kongstiendi på Voss. Åtte born: Bjarne f. 1843, g. m. Ingjerd Andersdr. Repål, Anders f. 1849, g. m. Kirsti Arnfinnsdr. Gjukastein, snikkar og huseigar på Rogne bruk 3, Knut f. 1851, g. m. Katrina Nilsdr. Kvarme, hadde snikkarverkstad og huseigedom på Vangen, sjå Prestegarden bruk 23, Eirik f. 1854, g. m. Arngunna Knutsdr. Møn, gardmann på Bryn, Ivar f. 1856, g. m. Margreta Jonsdr. Lillegraven, smed og huseigar på Vangen, sjå bruk 36 Lekve, Brita f. 1840, g. m. Anders Sjurson Hornve, gardmann på Himle, Marta f. 1842, g. m. Anders Johannesson Grevle, Ingjerd f. 1864, g. m. Edvard Fjærtoft, lensmann i Sveio, f. 1855, død 1934. Bjarne fekk garden i 1876 for 500 spd. og hadde borni Torgeir, Kirsti, Ingjerd og Guro. Torgeir er f. 1878 g. m. Kirsti Sjursdr. og fekk garden i 1925 for 3000 kronor. Bruket sin part i stølen Kvålsdalen vart i 1880 skilt frå som bruk 2. Bjarne var med i heradsstyret, skulestyret og anna kommunalt arbeid. Torgeir er og med i heradsstyret og har ymse andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 36, lnr. 82 med gamal skyld 1 laup 21 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 11 skill. Ny skyld mark 4,32 etter at bruk 12 er gått frå.

Bruk 2. Kvålsdalen. Støl. Knut Torsteinson Seim kjøpte denne stølsparten i 1880 av Bjarne T. Kvåle. Brukseigar W. Konow fekk kontrakt med han um rettar i Torfinnsvatnet og det vart skilt frå som bruk 6. Torstein K. Seim fekk skøyte på bruk 2 i 1924 saman med farsgarden på Seim. Skyldi på bruk 2 er 14 øre.

--- side 236 ---

Bruk 3. Kvåle. Ivar Knutson Kvåle f. 1728, nemnd ovanfor, gifte seg 1762 med Kristense Torbjørnsdr. Seve og fekk i 1762 skøyte på 1 laup 1 pund av farsgarden. Ivar døydde 1811 og let etter seg fem born: Knut, Nils, Torbjørn, Brita og Anders. Alle døydde ugifte so nær som Knut. Han var fødd 1763, g. m. Brita Andersdr. Gjerme, fekk bruk 3 hjå far sin i 1798 og døydde 1835. 6 born: Ivar f. 1791, Anders f. 1793, Lars f. 1795, g. 1827 m. Kari Knutsdr. Byrkjo, Kristense f. 1799, g. 1826 m. Nils Eirikson Lydvo, Knut f. 1801, Gudve f. 1804.

Ivar Knutson gifte seg 1827 med Guro Sveinsdr. Lydvo og fekk i 1824 skøyte på farsgarden for 462 spd. Ivar var med i krigen mot Sverike og høyrde til fribataljonen. Dei hadde to døtter: Brita f. 1828 og Anna f. 1829. Anna gifte seg 1854 med Per Andersson Gjerme. Brita vart gift 1849 med Anders Andersson Væte. Dei fekk garden hjå foreldri hennar i 1850 for 600 spd. Anders var med i heradsstyret, matrikkelnemndi for Voss og hadde andre tillitsyrke. Han var f. 1821 og døydde 1901. Åtte born: Guro f. 1849, g. m. Eirik Brynjulvson Væte, sjå bruk 25 Lekve, Sigvor f. 1851 g. m. Georg N. Tofte, sjå bruk 1 Gjerde, Ivar f. 1853, g. m. Rannveig Knutsdr. Rokne på Vangen, Anna f. 1855, g. m. gardmann Gusskalk Olavson Liland, Anders f. 1858, g. m. Talina N. Tofte, Amerika, Brita f. 1860 g. m. Klas Johannesson Finne, Knut f. 1866 g. m. Kristense H. Litleteig, sjølveigar på Litleteig, Vossastr., Lars f. 1871 g. m. Brita Knutsdr. Møn, bur på Møn. Ivar hadde garden til han døydde 1881 og deretter enkja nokre år. Klas og Brita fekk skøyte på garden i 1886 for 3600 kronor. Klas er formann i direksjonen i Voss Sparebank, kyrkjeverje og har havt andre tillitsyrke.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 36, lnr. 83 med gamal skyld 1 laup 21 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 11 skill. Ny skyld mark 4,50, nedsett til mark 4,35, då bruk 7 og 10 vart skilt frå.

Bruk 4. Kvåle. Jorunn Larsdr. Kvåle f. 1742, nemnd ovanfor, var gift 1. 1761 med Svein Larsson Lydvo, 2. 1786 med Klas Andersson Dagestad, død 1835, 80 år gl. Svein og Jorunn har i-1761 og 1764 fått skøyte på 1 laup og Klas har fått det i 1786. Ikkje born etter Jorunn. Johannes Torbjørnson Rogne fekk garden etter dei i 1828 med ein fjordepart i Kvålsteigen, ei

--- side 237 ---

kvern på Seim og part i Raundalens Almenning, alt for 200 spd. Johannes let garden til Anders, bror sin, i 1837 for 500 spd. Han var fødd 1808, gifte seg 1840 med Brita Johannesdr. Møn og døydde 1899. 8 born: Klas, Torbjørn, Johannes, Nils, Ivar, Eli, Brita og Eirik, fødde 1841-1856. Torbjørn f. 1842, g. m. Kari Styrksdr. Uppheim, var lang tid lærar på arbeidsskulen for gutar. Eirik f. 1856 har vore lærar og ordførar i Gyland i Vest-Agder. Dei andre syskini reiste til Amerika so nær som glas. Han var fødd 1841, g. m. Anna Persdr. Rygg og fekk farsgarden i 1880 for 3200 kronor. 3 born: Brita f. 1864, lærarinne, sjå bruk 4 Lekve, Marta f. 1867, g. m. Olav N. Gjøstein, handelsmann på Vangen, sjå bruk 37 på Prestegarden, og Anders f. 1871, lærar i Fana. Han fekk garden i 1898 og selde att 1901 til Per Isakson Holo for 8000 kronor. Per er f. 1863, og g. m. Ingebjørg Olavsdr.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 36, lnr. 84 med gamal skyld 1 laup 21 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 11 skill. Ny skyld mark 4,50, som er sett ned til mark 4,49 då bruk 8 vart utskilt.

Bruk 5. Kvåle. Anders Sveinson Rong var som ovanfor umtala gift 1756 med Herborg Nilsdr. Kvåle. Dei fekk i 1755 skøyte frå hennar stykfar Lars og 1765 skøyte frå andre, so dei åtte ialt 1 laup 21 mark, som vart bruk 5. Anders døydde 1816, 88 år gl. og hadde desse 3 borni: Eli f. 1763, Anna f. 1765 og Svein f. 1767. Ho Eli var g. m. enkjemann Aslak Sveinson Eimstad. Anna gifte seg 1806 med Knut Jonson, gardmann på Lirhus. Svein fekk i 1789 skøyte frå far sin på garden, gifte seg med Margreta Massdr. Lydvo og døydde 1835. 4 born: Herborg f. 1809, Anders f. 1810, Mass f. 1814 og Nils f. 1817. Herborg vart gift til Rogne med Johannes Torbjørnson. Mass vart gardmann på Byrkjo og Nils kjøpte i 1858 gård på Vele.

Anders Sveinson gm. Gudve Olavsdr. Berge, fekk farsgarden i 1837 for 400 spd. og døydde 1893. 6 born: Svein, Olav, Anders, Johannes, Knut og Brita. Dei tri siste reiste til Amerika. Olav f. 1843, g. m. Kristense Torsteinsdr. Seim, er sjølveigar på Kvitheimsåsen bruk 8 og 10 Gjerde. Anders f. 1844, g. m. enkja Marta Knutsdr. Berge, budde i Chicago. Dei har gjeve um lag 90 000 kronor til Voss Barneheim og 40 000 kronor til Voss Gamleheim. Svein Andersson f. 1841, g. m. enkja Marta Brynjulvdr. Væte, fekk farsgarden i 1885 for 3000 kronor. Han

--- side 238 ---

selde garden i 1910 for 12000 kronor til Jakob Jakobson Håheim. Han er f. 1875 og g. m. Kari Gudleiksdr. Glymme.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 36, lnr. 85 med gamal skyld 1 laup 21 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 22 skill., revidert 3 dalar 3 skill. Ny skyld mark 4,41, sett ned til mark 4,34 etter at bruk 9 og 11 var skilt frå.

Bruk 6. Torfinno. Utskilt frå bruk 2 i 1908 med skyld 1 øre. Bruk 7, 8 og 9 er i 1908 ført saman med bruk 6. Brukseigar W. Konow har fått skøyte på bruk 6 i 1910 frå Knut T. Seim, på bruk 7 i 1911 frå Klas J. Finne, på bruk 8 i 1909 frå Per I. Holo og på bruk 9 i 1909 frå Svein A. Kvåle. Bergen og Voss kommunar fekk skøyte på desse eigedomane saman med mange andre i 1928 for 700,000 kronor, godkjent ved kgl. resol. same år.

Bruk 7. Torfinno. Skilt ut frå bruk 3 i 1908 med skyld 1 øre og ført saman med bruk 6.

Bruk 8. Torfinno. Utskilt frå bruk 4 i 1908 og ført saman med bruk 6.

Bruk 9. Torfinno. Skilt ut frå bruk 5 i 1908 og ført saman med bruk 6.

Bruk 10. Kvålsdalen. Stølspart ved Torfinnsvatnet. Utskilt frå bruk 3 i 1908. Klas J. Finne selde det til fabrikkeigar Karl Jebsen for 750 kronor. Skyld 14 øre.

Bruk 11. Kvalheim. Utskilt frå bruk 5 i 1910. Svein A. Kvåle skøytte det i 1913 til Olav, son sin. Skyld 6 øre. Olav er f. 1878, g. m. Synneva Johannesdr. frå Granvin, er uppsynsmann og bygde bustadhus på eigedomen. Han selde i 1928 til Marta A. Leiddal.

Bruk 12. Kvalheim. Skilt frå bruk 1 i 1925. Skyld 4 øre. Bjarne gav det til døtterne Kristi, Ingjerd og Guro.

Husmannsplass.

I 1645 er Thorilda nemnd som huskone. Per Aslakson og Olav Eirikson var husmenn i 1661. Lars Sveinson og Gunhilda budde i Kvålsteigen ikring midten av 1600-talet. I brevskap er meldt at ein husmann som var komen der ikring 1690, hadde rudt teigen og budde der ei tid. Han heitte Olav Eirikson. Anna Adamsdr. Kvålsteigen døydde 1727, 83 år gamal og må ha butt der. I Tankarvikjæ, nedanfor gardshusi, budde i fyrstningi av 1700-talet husmannen Knut Knutson, g. m. Brita

--- side 239 ---

Mikkjelsdr. Dei hadde borni Svein og Mikkjel f. 1713, Kristi f. 1715 og truleg fleire. Kyrkjebøkene syner, at denne Knuten ofte har vore trulovar.

Ut mot Hellesnesmerket er Styrkoneset, i gamle dagar kalla Sprakaneset og no oftast Neset. Der var rudt kring 1700 eller noko fyrr av Jon Knutson, som sette til ein husmann der. Fyrr skulde det ha vore overvakse med skog og serleg sprake. Tuftene etter husi syner endå. Styrk Steffason frå Grevle, g. m. Gjertrud Knutsdr. var husmann der i 1801 og hadde då butt der i meir enn 25 år. Han døydde 1811 og hadde fleire born. Det er vel etter han Styrkoneset har fått namnet sitt. Nedanfor postvegen, der jarnbanen no går, var Holketuftæ. Fredrik Kristian Holck har butt der. Han var fødd 1714, gift 1753 med Anna Dortea Berta Barclay, var premierløytnant og seinare kompanisjef i Bergenhusiske regiment. Han spelte fela og samla ungdomen til dans i heimen sin, er det fortalt. Ei tid budde han på Vangen.

I 1830-åri var Lars Knutson, gm. Kari Knutsdr. husmannsfolk på Kvåle. Torbjørn Torbjørnson døydde 1846, 30 år gl. som husmann. På plasset Teigen ovanfor postvegen ut imot Hellesnes var ei tid to husmenn. Anders Johannesson budde på det eine i 1865, var då 70 år gl. og g. m. Anna Olavsdr. Dei hadde sonen Knut, som var kvekar og døydde ugift 1879. På Neset budde då gjenta Kari Olavsdr. 81 år gl. med dotterdotteri Rannveig Andersdr. 21 år gl. På plasset Træe budde Knut og seinare Velom Dagestad. Plasset vart nedlagt i 1860-åri. I Kvålsteigen budde i 1890-åri Karl Mandelid, g. m. Eli Arvesdr. Han var flink treskjerar.

Stølar.

Støl må leigast er det sagt ved synsforretningen i 1702. Heller ikkje i 1723 åtte garden støl. Ei segn vil vita, at Kvåle i gamal tid hadde havt sumarsstøl i Kvålsdalen millom Torfinnsvatnet og Hamlagrøvatnet, men at den var nedlagd. Ivar K. Kvåle f. 1728, tok stølen upp att og bygde sel hjå Storegraonolten. Saudane la då upp sak mot han, og han laut flytta utover. Han bygde då der Kvålsmennene sidan har havt stølshusi sine. Domen gjekk vidare ut på, at sidan Kvålane laut so langt utover med stølen sin, og der kunde vera verhardt, so skulde dei ha rett til i uver å reisa til Hodnaberg med kyrne, løysa ut

--- side 240 ---

Saudeskyrne og setja sine eigne inn att. Kvålane skulde og få lov å ta seg ved på Saudane sin eigedom mot at kvar brukar betalte 12 skill. årleg. Det vart sett merke millom eigedomane åt Kvåle og Saude. Bruk 1, 3 og 5 har selt sine partar i stølen. Bruk 1 kjøpte att sumarsstøl på Steindru på Fennafjellet og bruk 3 på Borgarbu i Raundalen. Alle bruki har vårstøl i utmarki ovanfor garden.

Offentlege forretningar.

Fyrrnemnde synsforretning i 1702, forretningar um Kvålsteigen 1703, 1737, 1741, 1742 og 1746, sak i 1756 mot Seim vedkomande skogen i Finnesteigen, sak mot Saude og fleire i 1765 um stølsbruk, mot Store Saude um Kvålsdalane i 1766 og mot Store Saude 1773. Åstadsak (utskifting) med Finne og Brekku 1805, sak um vassleiding 1813, sak mot Vinsand um beiting 1844, semje um veg 1849, jarnbanetakst 1878 og 1903 og utskifting 1881. Husi på bruk 1 og 5 vart då flytte ut.

Ymse.

Hausten 1923 tok dei burt ei steinrøys på Leirgrovebakken ovanfor postvegen. I botnen av røysi var eit lag med murstein og mykje brot av murstein og pannor. Det var truleg rest av ein teglsteinomn frå den tid dei laga teglstein. Segni fortel at det var fyrrnemnde løytnant Holck som stelte det til, Stovehuset hans skal vera flytt til Tvilde, er det fortalt. Nedanfor gardshusi er ein gravhaug med namn Ormahaugen. Der budde ein huldrekall som var so forlikt i ei gjente på garden, men ho lurde han og vart soleis fri han.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Kvåle i 1702, men i Kvålsteigen var det ei. Likeins i 1723, men i 1776 og 1791 var det ikkje kvern. Seinare var det to kvernar.

Jonsokdag 1844 brann alle husi på Kvåle. Berre ei bu stod att. Lite vart berga av det som var i husi, for det var mest ingen heime. Den eine gardmannen sa um kvelden, at um morgonen hadde han 11 fleskaflykkje hangande, men no hadde han ikkje so mykje at han kunde eta seg mett. For ein lauskar brann 300 dalar i sylvpengar og ein gullmynt. Dei fann sidan att ein sylvklump med ein gullprikk i. Han Blinde-Helge på Setre hadde året fyre branden sagt ein dag: «Ka slag fælo dùne æ da borti Lydva-ausæ idag? Da æ so heile aosen skulde knaka ne». Andre folk høyrde ikkje noko. Etter branden kom folk ordi hans Helge ihug og trudde det var fyrefar. I juni 1873 brann ei stove som var under byggjing og noko bygningsvyrke.

--- side 241 ---

Bumerke.

Eiliv 1702, 1709 tavle 2 nr. 65. Jon 1718 t. 2. nr. 66, men han brigda det noko i 1719. Knut Knutson i Tankarvik 1712 t. 2 nr. 67. Same merke teikna Knut Kvålsteigen i 1718, 1719, men har brigda på fleire måtar i 1719-1729. Styrk Aslakson Kvålsneset 1760 t. 1. nr. 23. Knut 1734-1744 t. 2 nr. 68. Merket er brigda i 1753 og atter 1756. Ivar Knutson 1776 t. 2 nr. 104. Korporal Lars Kvåle 1747 t. 2 nr. 69. Som sersjant teikna han likeins i 1756. Anders 1756, 1761 t. 2 nr. 70. Likeins 1763 med undantak at det i staden for dei to prikkane er eit lite tverrstrek. Svein 1765 t. 2 nr. 71. Viking 1786 t. 2 nr. 72. Sjur Aslakson 1753 t. 3 nr. 67. Seglet til Olav Kvåle har i 1733 bokstavane O E S og derunder bumerket t. 1 nr. 45.