Gamle Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 110 ---


Bilete 16. Kart over gamle vangen i 1855.
Bilete 16. Kart over gamle vangen i 1855.

--- side 111 ---

Dei einskilde eigedomane.

Til Bygningskommunen høyrar no Ålmenningen, Prestegarden, Kapellansgarden og gardane Finne, Ullestad, Lekve og Rogne. Dertil kjem ei rekkje tufter og eigedomar av gardane Mølster, Ringheim. Tvilde, Bryn, Haugo og Nyre. Kartet over «Gamle Vangen» frå 1855 (side 110) og det nye krokiet over Vossavangen (sist i boki) syner korleis desse eigedomane ligg. Dei ytre grensone for Vangen er elles umhandla side 42.

I upprekningi nedanfor av dei einskilde eigedomane er det gjort greide for kva tid kvar einskild eigedomen er utskild og skyldlagd, og korleis han har bytt eigarar fram igjenom tidi. Det er ogso ymse stader nemnt noko um eigarane og ætti deira. Serleg er dette gjort for hovudbruki på dei gardane som no ligg innanfor grensa av av Bygningskommunen.

Gamle Vangen.

Med Gamle Vangen, som me ofte segjer, er meint Ålmenningen på Vangen (gardsnr. 255). og dei tufter med hagar som var burtsette av Prestegarden (gartsnr. 48) nærmast umkring Ålmenningen, Prestegardstunet og gamle Kapellansgardstunet.

Det eldste kartet over Gamle Vangen som me veit um, vart teke i 1855. Det er attgjeve her. Tuftnumri på Ålmenningen er dei same som «den midlertidige reguleringskommisjon» brukte i 1880-åri og som er nytta i panteregistret. Difor vert dei einskilde tuftene umtala her i same rekkjefylgje og med same nummer. Gardsnummer og bruksnummer er ført til etter matrikkelen. På kartet har eg ført til etter Prestegardskartet av 1874 dei hustufter som det då var bygt hus på, og som var rekna til Vangen. Dei har her fått numri 89-121. Alle feste på tufter som nedanfor er umtala, er for Ålmenningens vedkomande frå futen eller Staten og for Prestegardens vedkomande frå soknepresten.

--- side 112 ---

Tufter av Ålmenningen.

I matrikkelen for Voss er Vangens Ålmenning gardsnummer 255. Han grensar i vest til tuftene 94-97, i nord til det gamle gymnastikkhuset, apoteket (tuft 89), umlag nordsida av Vossagata til Lekvesvegen og vidare langs etter nordsida av dei gamle stallane, tuft 1-25. I aust gjekk Ålmenningen


Gamle hestestallane og kyrkja
Bilete 17. Gamle hestestallane og kyrkja i 1878. Fot. Johanne Skagen.

umlag i lina med austsida av kyrkjegarden og gjekk elles på sørsida av kyrkjegarden og til gjerdet mot Prestegarden. Det var grind over vegen ved nordaustre og sudvestre hyrna av kyrkjegarden, nordvestre hyrna av Ålmenningen, der Skrumpen var, og over den gamle Lekvesvegen, som gjekk uppover på austsida av tuft 53. Prestegarden åtte rundt umkring Ålmenningen. Kapellansgarden stakk sitt søraustre hyrna mot nordvestre hyrna av Ålmenningen.

Tuft 1-15. På tuftene 1-36 stod små hestestallar i 1855. Mesteparten av dei stod og i 1870-åri. Vangsgutane likte å gøyma seg millom og inne i desse stallane både i leik og når dei

--- side 113 ---

hadde noko fyre som andre ikkje skulde sjå. Dei gjorde ofte det beste dei kunde med å få hol på tak, vegger eller dører for å koma seg inn. Sume av stallane vart visstnok heilt øydelagde på den måten, når eigaren ikkje passa vel på å vøla til att etterkvart.

Desse stallane ved kyrkja var til stor skjemma for Vangen. Sjølve husi var fæle å sjå til, halvrotne, skakke og taklause som mange av dei var. Og smetti millom dei var nytta av mange


Hestestallane ved Vossagata.
Bilete 18. Hestestallane ved Vossagata. Fot. Ludv. Bru 1918.

til det naudturvelege. Lenge var det tala um at noko laut gjerast med dei. Umlag 1880 vart ei nemnd uppmoda til å ta seg av det. Nemndi kom med framlegg som vart godkjent 30. juni 1883 av Finansdepartementet. Eigarane av stallane, tuftene 1-31, skulde riva dei, og i staden setja upp 6 nye stallar. Kvar eigar skulde få frå 1 til 3 båsar etter so stor stall han hadde havt fyrr. For å få tuft nok åt dei nye stallane vart utan betaling late ei jordremse av Prestegarden langs etter heile nordsida. Tuftene åt dei 6 nye stallane vart skyldsette i 1888 med 2 øre i skyld kvar, gardsnr. 255, bruk 1 til 6. Stallane på dei

--- side 114 ---

4 austlegaste bruki, 1-4, tuft 1-15 på kartet, er framleis i bruk. På tuftene åt dei andre to er kome anna hus (sjå vidare tuft 16-25).

Tuft 16-25. Bruk 5 og 6 på gardsnr. 255. No er det gardsnr. 48 bruk 70 Kirkevang. Skyld 15 øre. Der vart dei 2 nye vestlegaste stallane bygde midt i 1880-åri. Ved makebyte i 1891 fekk Lars Kindem desse tuftene, og flytte stallane til gnr. 48 bruk 40 og 41, som eigarane fekk i staden. Kindem bygde i 1892 forretnings- og bustadhus i staden på stalltuftene og ein part av eigedomen sin ovanfor. Han flytte so forretningen sin til det nye huset og handla med kolonial-, korn-, mjøl- og jarnvaror, steinty, glasty, og hadde dertil bok- og papirhandel. Kindem er f. 1856, og g. 1882 m. Guro Torgeirsdr. Dagestad. Deira dotter Ingebjørg, f. 1883, var g. m. sokneprest Torleiv Farnes. Sjå bruk 13 av Prestegarden og bruk 91 og 116 av Lekve.

Bruk 5 og 6 vart i 1898 ført saman med bruk 13 av Prestegarden. Frå dette vart fråskilt att i 1908 bruk 70, Kirkevang, då L. Kindem selde eigedomen til David Hustveit. Han har halde fram med same slag forretning som Kindem hadde, med undantak av bok- og papirhandel. David Hustveit er f. 1865 og g. m. Ingebjørg Larsdr. Vinjo, Vossastr. Born: Brita, Marta, Eli, Anna, Lars Olav, Ingebjørg og Leiv. Voss Telegrafstasjon leigde kontor her frå 1898 til 1932. I huset var gullsmedforretningen åt G. Nilsen frå 1898-1900, åt Bergesen & Apeltun 1900-1910 og E. Bergesen sin 1910-1927. Likeins Helge Evangers manufakturforretning. Der var og brusfabrikk, som G. Nilsen og J. Skorve dreiv og seinare H. Evanger. No er Jersins tobakksforretning og agentur der, Lars Hustveit har delikatesseforretning og overrettssakførar Olav Rekve har kontor der. Bastian Jersin, f. 1864, g. m. Wanda Zeitz, døydde 1932. Enkja har no forretningen. Lars D. Hustveit er f. 1901 og g. m. Emma Nesheim.

Tuft 26-31 vart lagd ut til gate.

Tuft 32-36. Gnr. 255, bruk 7. Skyld 3 øre. Lars N. Jæger hadde i 1863 bygt hestestall med løde på tuftene 32 og 33. Seinare innreida han krambu der. I 1874 fekk han tuftene 34-36, bygde so um huset og dreiv kolonialforretning der. Eigedomen vart seld 1881 til Torkel Skjerve, 1891 til Hans Dykesten og 1895 til B. Jersin, som alle dreiv handelsforretning, dei to siste med manufaktur- og kolonialvaror. H. Dykesten

--- side 115 ---

kjøpte 1891 bruk 3 av Prestegarden, gjorde store brigde med huset og utvida krambui. Jersin fekk i 1904 kongeskøyte på 32 kvadratmeter som hadde høyrt til Ålmenningen. Lars Jæger var f. 1824, g. 1847 m. Maria Monsdr. Kaldestad. På sine gamle dagar reiste dei til Amerika til borni sine. Torkel Skjerve var underoffiser og g. 1875 m. Torbjørg Andersdr. En. Han reiste til Amerika. Hans Dykesten var fødd på Gjukastein 1830 og døydde ugift 1912. Voss Sparebank kjøpte eigedomen i 1909. Banken hadde på auksjon i 1890 kjøpt bruk 12 av Prestegarden på nordsida av tuftene 32-36. Sparebanken reiv huset i 1930, og har som nemnt bygt nytt trihøgda murhus, 10 meter lenger mot nord i samhøve med siste reguleringi av Vossagata. Banken tok det nye huset i bruk sumaren 1932.

Tuft 37-39. Gnr. 255, bruk 8. Skyld 3 øre. Eirik Monsson Gavle frå Vossastrondi (Sluttare-Eirik) var sluttar ved fengslet som stod på tuft 40. Han var f. ikr. 1786, g. 1834 m. Ingebjørg Brynjulvsdr. og døydde 1851. Enkja hans (Sluttare-Ingebjørg) feste i 1855 tuftene 38 og 39 og bygde tohøgda hus der. Under byggjingi laut ho saga noko av timberet, for huset stakk for langt ut i gata, er det fortalt. Ho Ingebjørg døydde 1872. Fyrr stod der ei liti bu, som Kolbein Vangen åtte. Han døydde 1856. Eirik og Ingebjørg hadde sonen Nils, f. 1840, som fekk eigedomen i 1861. Mikkjel O. Eimstad hadde krambu der ei tid med manufaktur- og kolonialvaror. Nils fekk gard på Indre Ringheim i 1868 og selde eigedomen på Vangen i 1873 til sakførar Max Skagen. Ved makebyte med Åmund Fjose i 1884 fekk Skagen tufti 37, som låg inn til eigedomen hans, bygde bakeri på nordsida av bustadhuset og dreiv bakarforretning. Uppå bakeriet bygde han fotograf-atelier. Skagen var sorenskrivarfullmektig hjå far sin, deretter konstituert sorenskrivar eit par år etter at faren var død i 1876, og seinare sakførar. Frå 1875 var han postopnar fleire år. Frua var fotograf. Skagen var f. 1837, g. m. Johanna Bergström frå Sverike og døydde 1903. Dei hadde 4 born: Alf, Aksel, Hildegard og Einy.

Bakar N. Olsen kjøpte eigedomen i 1890 og innreidde bustadrom i staden for atelieret. Han selde att 1894 til Per Trondsen, som i 1903 fekk kongeskøyte på festegrunnen. Både Olsen og Trondsen heldt fram med bakarforretningen. Trondsen var g. m. Lina Amundsen og hadde fleire born. Dotteri Tora er

--- side 116 ---

g. m. Nils J. Ystås, som overtok eigedomen og bakarforretningen i 1919. Huset er etter reguleringsplanen rive og nytt murhus er bygt i 1932 noko lenger mot vest og vel 12 meter lenger mot nord enn det gamle huset. Ystås har fått elektrisk bakeri i det nye huset, som vart teke i bruk i 1932. Arthur Hellesnes har tannlækjarforretning i huset.

Tuft 40. Arresten og sluttarstova. Gnr. 255, bruk 9, skyld 2 øre. På tinget i 1828 vart vedteke å byggja ny arrest med bustad åt sluttaren i staden for den gamle bygningen. Nokon upplysning elles um den gamle bygningen som hadde stade der, har eg ikkje funne, men truleg må det ha vore arrest med bustad åt sluttaren. Det var kome tilbod um å byggja huset for 1500 spd. Olav T. Gjerdåk baud seg til å gjera det for 950 spd. Kostnaden vart likna ut på matrikkelskyldi i bygdi. I huset var lemstove med bileggjaromn og kjøk til bustad åt sluttaren. På vestsida av stova var 2 småe rom med dør or stova. Det var arrestane. Mange forteljingar knyter seg til desse romi um fangar som har site der. Millom dei var Gjest Baardsen, som grov seg ut under veggen og rymde. Um Kveinane er det fortalt at dei hadde seg ut or arresten um nettene og dreiv med steling, og kom seg inn att utan at nokon gådde det i lenger tid. Rettsbøkene fortel um andre og som har rymtor arrestane der.

Fyrste sluttaren me veit namn på, er Hollgeir Hollgeirson, som døydde 1787. So var det Bård Larsson, gm. Ingebjørg Johannesdr., i 1780-åri, og Knut Knutson, gm. Brita Andersdr., til 1803. Bumerket hans er nr. 29 på tavle 3 side 11. Sidan var det Lars Knutson Bryn, gm. Brita Eilivsdr. Han var sluttar til han døydde i 1813. Dei hadde borni Knut, Eiliv, Jon og Gudve. Knut vart smed og gardmann på Rokne. Gudve var g. 1817 m. Nikolai Kasper Jæger, sjå tuft 72. Kolbein Larsson var sluttar 1816 og etter han kom Eirik Monsson Gavle (sjå tuft 37-39 framanfor), og etter han Lars N. Jæger frå 1851. Jæger var og sluttar ei tid i det nye fengslet, som vart bygt 1864 på tuft 92 og 93.

Voss Sparebank kjøpte bygningen då det nye fengslet var teke i bruk. Banken feste i 1881 av Prestegarden noko grunn innåt hustufti, utvida huset på nordsida og bygde ei høgd til på det. Samstundes vart bygt kvelv av gråstein som vart teken frå muren på vest- og nordsida av kykjegarden. Frå den tid banken kjøpte huset, hadde han forretningsromet i

--- side 117 ---

stova, men flytte til 2dre høgdi då ho var bygd. Heradet kjøpte i 1909 eigedomen for 3000 kronor og har halde til der med sine kommunale møte, forliksrådet og kontor åt kassestyrarane for heradskassa, krinssjukekassa og rikstrygdeverket. Ved den nye reguleringi av Vossagata i 1930 vart tufti seld til Sparebanken, og huset til Vangens Speidartropp som i 1931 flytte det til Strengjarhaugen, gnr. 47, bruk 191.

Tuft 41. Gnr. 255, bruk 10, skyld 1 øre. Der stod fyrr ei løde, som Kolbein Larsson Vangen åtte. Jon Olsen frå Hallingdal hadde i fleire år drive fargeri på Vangen, då han i 1866 feste tufti og sette upp tohøgda bustadhus med fargeri. Det var fyrste huset på Vangen med tak av lapphellor. Jon var f. 1824, g. m. Bergitta Øysteinsdr. frå Nes i Hallingdal og døydde 1909. Dei hadde 2 døtter: Bergitta, g. m. bakar Ingebrigtsen og Sakrina, g. m. skreddar Lars Haugsnes, no i Haugesund.

I heradsstyremøte 28. november 1873 var fyre tilteljing frå distriktslækjar T. Nesheim um å få apotek på Vangen. Heradsstyret talde til. I 1875 sende farmaseutane i Bergen uppmodning til medisinalstyret um det same. Heradsstyret vedtok atter den 18. mai 1878 å telja til at her vart apotek, og då vart det imøtekome. Fyrste apotekaren var Th. A. Tangen, som leigde hus åt apoteket av Jon Olsen og heldt fram her til han flytte det til tuft 89.

Versonen åt Jon Olsen, skreddar Lars Haugsnes fekk eigedomen i 1885. Han selde den att i 1889 til Kolbein Grindaland, som tok til med kjøtforretning. Han var f. 1856, g. m. Kristense K. Rogne og døydde 1915. 7 born: Olav, Knut, Anna, g. m. sokneprest Olav Thorseth, Margreta, Ingebjørg, Helena og Maria. Enkja og sonen Olav driv no forretningen. Huset vart ved gatereguleringi i 1930 flytt og tilbygt noko.

Tuft 42. Bjarne Røte hadde ått stall der, men det var ikkje noko att av han i 1883.

Tuft 43. Eirik L. og Eirik K. Veka hadde havt hestestall der. Både denne tufti og nr. 42 vart utlagt til gate. Um tuft 44-46 sjå side 119.

Tuft 47 og 48. Nils Eide og Viking Seve hadde havt hestestallar på nr. 47 og Halldor og Hans Bø på nr. 48. Båe tuftene vart utlagde til gate ved reguleringi.

Tuft 49. Tingstova. Gnr. 255, bruk 11, skyld 3 øre. Tingstova har truleg stade her i mange hundrad år.

--- side 118 ---

I diplomatariet er eit brev frå 1514, der det heiter, at dei var i «stevnestuen paa Vangen» den 8. mars, då det var vossane sin tingdag. Tingstova er og umtala 1563 i D. N. IX. Likeins ofte i tingbøkene på 1600-talet og seinare. Fleire gonger er det sagt heilt til 1870-åri at tingi var haldne i tingstova. Me veit ikkje når stova som no står der, var bygd. Frå tid til onnor er det meldingar um at ho har vore vølt. Større vølingar har det


Tingstova.
Bilete 19. Tingstova. Fot. Ludv. Bru 1918.

t. d. vore i 1748 og 1830. I saki mot lensmann Ringheim 1828 er upplyst, at han for mange år sidan hadde sytt for ny bordklædning og nytt nevertak på tingstova, golv, omn, boltar og jarnlekkjor i arresten i tingstova og nytt lås for arrestdøri og tingstovedøri.

I 1844 feste heradet 72 kvadratalner til utviding av Tingstovetufti, og fekk 1904 kongeskøyte på henne. Den gamle tufti som var 67 kvadratmeter, åtte heradet fyrr. Det var nemleg fyre fleire gonger i heradsstyret i 1844 um å utvida og byggja på tingstova, men det fall burt då heradet i 1845 kjøpte

--- side 119 ---

huset på tuft 75 av dristriktslækjar Wille. Det var stor vøling på tingstova i 1854.

Frå 1860- til 1890-åri heldt dei til i tingstova med møte i formannskap, heradsstyre og dei andre kommunale møte, forliksrådet og mest alle møte i dei ymse foreiningane. Folkeboksamlingi var der til 1925. Kassestyraren for dei ymse kommunale rekneskapar hadde frå ikring 1865 til 1909 kontor i romet der arresten fyrr hadde vore. Etter 1890-åri skifte møti på fleire stader. Fram til 1860-åri tok bygdafolk ofte inn i tingstova, når dei hadde brudlaup, barnedåp, likferd og nykoneveitla. Dei slapp betala noko for å halda til der. Ofte var det 2 lag samstundes, eit på kvar sida i stova. Dersom veggene i tingstova kunde fortelja det som har vore sagt og hendt der, vilde det vore rikeleg tilfang til bygdesoga.

På nordsida av tingstova var ei stalltuft (sjå kartet) som Per Osgjerd og Torstein Kinne hadde fest i 1855, og som Eirik Graudo, Brynjulv Osgjerd og Sigrid Auro feste i 1872.

Tuft 44, 45, 46 og 51. Gnr. 255, bruk 12. Skyld 3 øre. Sjur Eirikson Draugsvoll gifte seg 1796 med Brita Olsdr. Vangen. Brita døydde 1823, 68 år gamal, og han gifte seg uppatt i 1824 med Marta Gjertsdr. Vangen. Sjur døydde 1829, 69 år gamal. Marta vart i 1830 uppattgift med Knut Gusskalkson Vangen, son åt Gusskalk, som budde på tuft 53. Knut døydde 1856, 63 år gamal og Marta 1869, 90 år gamal. Dei har alle butt her. Knut har i 1830 fått feste på 3 av desse tuftene. På tuft 51 hadde dei ei liti, låg stove på 3-4 umfar med halvlem og ljore («Knute-stovo») og dør beint ut til gata. Eit lite eldhus stod attmed stova. Dei leigde eit par jordstykke og fødde ei kyr. Uthusi stod på tuft 44-46 på øvre sida åt gata. Knut kjøpte kringlor i tunnevis frå Bergen og selde ut att. Kona kalla dei «Knute-Marta». Umlag 1854 reiv dei gamlestova og bygde tohøgda hus i staden. Lars Ivarson Saude kjøpte eigedomen i 1860 og dreiv som buntmakar til han i 1866 med huslyden sin reiste til Amerika. Då kjøpte Lars Olavson Ringheim eigedomen. Same året feste han tuftene 45, 46 og 51, tilsaman 319 kvadratmeter, og fekk kongeskøyte på dei 1903. Han var f. 1833, g. m. Kirsti Jensdr. Rivenes, og døydde 1908. Dei hadde 2 døtter: Sisselja og Brita. Sisselja er g. m. Knut Sjurson Ullestad. Brita er g. m. Olav Sjursson Ullestad. Lars var buntmakar og dreiv skreddar- og tyvareforretning, bygde

--- side 120 ---

til bustadhuset på vestkanten og fekk der krambu i 1ste høgdi. Der hadde han sidan tyvarehandelen. Ved fyrste reguleringi kom Øvregata til å skjera noko av tuftene 44-46. Lars reiv difor husi der og bygde nytt uthus på resten av tuftene og på ny tuft som han kjøpte av Prestegarden, gardsnr. 48, bruk 8. Bakar N. Ystås kjøpte heile eigedomen i 1921 og selde bustadhuset att 1923 til Olav Grande som driv skreddarforretning. Dessutan har Eiliv Henriksen konditori der. Grande er f. 1888 og g. m. Ingebjørg Mattisdr. Dagestad.

Tuft 50 og 52. Gardsnr. 255, bruk 13. Skyld 7 øre. På desse tuftene har truleg dei husi stått, som i 1772 vart selde til klokkar Jersin. Då han døydde, vart husi i 1777 selde til klokkar Gerhard Schriver. I 1791 kjøpte kaptein Hans Fredrik Meitzner husi. Han budde der òg i 1801, var då 44 år gamal og gift med Marie Sofie Kristense, fødd Jersin, syster åt eidsvollsmannen sokneprest Georg Jersin. Meitzner var sjef for Aurlandske kompani, men vart 1806 sett på vartpengar 200 rd. årleg. Lensmann G. Ringheim vart seinare eigar av husi. Han tok upp tingsvitne i 1820 um at han i 1816 hadde flytt bustadhuset herfrå til garden sin på Seim. Det skal vera den noverande gamle hovudbygningen der, men han er mykje brigda og tilbygd seinare. Dokter Lars Istad feste noko av grunnen i 1811.

Skomakar Johannes Johanson Finne feste 1831 hus- og hagegrunn av futen og bygde tohøgda hus. Johannes var flink skomakar og barka sjølv leret han brukte. Han var gift 1831 med Brita Andersdr. Ullestad og døydde 1842, 40 år gamal. Brita gifte seg att 1846 med ekm. Knut Larsson Rokne, sjå Litle Rokne. Johannes og Brita hadde borni: Johan, Anders, Knut, Maria, Guro og Brita. Ved skifte etter Johannes er ført upp desse husi: stovehus, verdsett til 240 spd., flor, stolpebu, barkehus og løde. Bui og barkehuset stod på tuft 83, 84. Sonen Johan Vangen f. 1831, fekk so skøyte 1851 og 1858 på husi og feste tuftene i 1866. Han var gift 1858 med Ingebjørg Davidsdr. Ringheim og døydde 1881. Han dreiv bakeri og skyssing og bygde nytt bustadhus med bakeri og krambu. Enkja fekk i 1905 kongeskøyte på tuftene. 4 born: Johannes, David, Anna og Johan. Anna og David døydde ugifte, Johan reiste til Amerika. Johannes Vangen fekk eigedomen 1913 og heldt fram med same forretningi. Han var fødd 1858, gift med Madli

--- side 121 ---

Nilsdr. Hakestad og døydde 1921. Dotteri Madli. gift med Knut Styrkson Lirhus har no eigedomen og handelen.

Tuft 53. Enkja Rakel Finne åtte huset der og selde det 1799 til løytnant Bætzmann. Han let det same året til Gusskalk Person Rekve, som vart buande der. Gusskalk var fødd umlag 1759, gift 1787 med Kirsti Knutsdr. Ullestad og døydde 1834. Stova deira var berre 4 umfar og so låg at stolpasengi deira ikkje kunde setjast heilt ut åt veggen er det fortalt. Gusskalk hadde berre ei hand. Han handla med tobakk, ler, tog, nåler, tråd, kandissukker, raudebordor og kvittakringlor, det vil segja kringlor som kosta ein kvitt (1/3 skilling). Kringlone kjøpte han tunnevis frå Bergen. Um haustane kjøpte han feitevaror og skinn, som han reiste til Bergen med og selde. Gusskalk og Kirsti hadde desse borni: Gjertrud g. 1817 med Nils Larsson Ullestad, husmann på Ullestad, Per, død ugift, Knut, g. 1830 m. enkja Marta Gjertsdr. Vangen, sjå tuft 44-46, Brynjulv, f. 1795, Ivar, død ugift, Brita, f. 1798, g. m. Knut Sjurson, husmann på Dagestad, Sisselja, g. 1832 m. Jens Steffason Rivenes, Setre.

I 1848 fekk Lars Nilsson Seiland frå Vossastrondi (Skomakar-Lars) feste på tufti og feste ei remse av eigedomen nordanfor, bygde tohøgda hus på tufti og flor på andre sida av Gamle Lekvesvegen (tuft 98). Han var skomakar, f. 1820, g. 1. 1844 m. Anna Nilsdr. Ullestad (dotter åt husmann N. L. Ullestad, nemnd ovanfor), 2. 1863 m. Marta Rasmusdr. Ukvitno, og døydde 1882. 6 born: Nils, Brynjulv, Anna, Kirsti, Marta og Gjertrud. Bygdefolk tok ofte inn hjå han Lars når dei hadde brudlaup, barnedåp og gravferd. Ikkje so sjeldan var der 2 lag samstundes i stova, og dei heldt då til på kvar si side i henne på same måten som i tingstova. Gjert Jæger kjøpte eigedomen i 1883 og selde huset til Halle Jernes, som flytte det til stykket sitt på bruk 3 Jernes. Tufti laut leggjast ut til Øvregata ved fyrste reguleringi. Jæger fekk i staden av L. Kindem arvefest ei tuft av gnr. 48, bruk 42 Rosenvang på nordsida av den gamle tufti. Jæger bygde bustad- og forretningshus på den nye tufti og hadde kolonial-, kortevare- og steintyhandel. Pakkhus bygde han på tuft 98 i staden for floren som fyrr var der. Jæger var f. 1862, g. 1. m. Bastiane Mecklenburg, 2. m. Hanna Mecklenburg. og døydde 1924. Borni er i Amerika. Voss Telefonkompani hadde i fyrstningi fleire år stasjon her. No er det modeforretning i krambui.

--- side 122 ---

Tuft 54, 55, 56. Lars Kindem kjøpte i 1883 tuft 54 med ein gamal flor på av Voss herad, og kjøpte tuft 56 av Pål Jæger, som då flytte floren sin frå tufti. Kindem overtok festet på tuft 55 som heradet hadde fått i 1870. Han reiv desse husi, og tuftene vart lagde ut til Øvregata, då han bygde nye hus på gnr. 48 bruk 2 Rosenvang. Sjå vidare tuftene 89 og 90.

Tuft 57. Gnr. 255, brnr. 14, skyld 3 øre. Gusskalk P. Rekve, som budde på tuft 53, åtte eit lite hus på tuft 57. Knut Nilsson Ullestad, som var gift med Gusskalk si dotter, Gjertrud, bygde 1853 tohøgda bustadhus på austre parten av tufti. Det er fortalt at den vesle stova etter kaptein Øvre på tuft 66 og vart nytta her. Skomakar-Lars bygde 1855 bustadhus på vestre luten av tufti. «Halldorstova» som stod i Prestegarden der vedbui åt kyrkja no er, skal og ha vore flytt til tuft 57, og bygd inn i eit av desse husi. Jens Rivenes hadde i 1848 fått feste av futen på tufti. Svein Olavson Vangen kjøpte huset og selde det 1860 til Samson D. Kvåle, Torstein P. Kinne og Per N. Haugen. Dei selde det 1864 til Svein Gudleikson Rue, som dreiv noko lite ølhandel og annan handel. Svein reiste til Amerika 1868 og selde då til Lars B. Dymbe, som var snikkar. Han vølte um huset og dreiv handel der i fleire år. Huset heitte sidan Dymbehuset. I 1899 kjøpte frk. Marie Norstrand huset og tok det i bruk saman med Vossavangens Hotell. Ho fekk kongeskøyte på tufti i 1904.

Tuft 58 og 59. Voss herad fekk feste på desse tuftene i 1870. Det stod eit buehus der, som vart selt og flytt derifrå i 1883. Tuft 59 hadde i 1832 vore fest til organist Kyte. Lensmann M. Ringheim hadde tidlegare havt løde der. Per Gjerme fekk feste på tufti i 1871. Båe desse tuftene fekk Styrk Ullestad då han i 1886 flytte huset sitt frå tuft 66.

Tuft 60, 61 og 62. Vossavangens Hotell. Gardsnr. 255, bruk 15. Skyld 6 øre. Skomakarmeister Lars Simonson Skage feste i 1827 503½ kvadratalner husegrunn. Der var i 1821 bygt eit einhøgda bustadhus, 12¼ alner langt, 11⅞ alner breidt 4½ alner under sperri. Landhandlar Schlanbusch kjøpte eigedomen av Skage i 1835. Theodor Georg von Schlanbusch, f. 1805, var gift 1833 med Larsina Gitlesdr. Bø, f. 1811, og døydde 1852. Ho døydde 1888. Godfars godfar hans, Heinrich von Schlanbusch frå Hannover, var 1685 tilsett som styrar av Kongsberg Sylvverk. Ho Larsina ætta frå Bø i Raundalen.

--- side 123 ---

Sjå L. Kindem, Glimmeætti s. 35. Theodor og Larsina hadde 10 born: Fredrik, Arnoldus, Marta, Magdalena, Teokara, Sofia, Larsina, Theodor. Gerhard og Ludvig. Marta var g. m. Charles Borchsenius. (Deira dotter Maria Sofia er g. m. Theodor Fleischer). Magdalena var g. m. Fredrik Fleischer. Dei andre borni var og gifte.

Schlanbusch hadde i 1832 leigt gastgjevargarden av Karsten Reime på 5 år og skulde betala 300 spd. um året i leige. I 1833 fekk Schlanbusch gastgjevarløyve og landhandlarbrev og kjøpte i 1834 på auksjon etter Karsten Reime husi hans for 1800 spd. Millom dei husi var eit nytt våningshus, Skrumpen, Nyestova og Hansakjøkenet. Schlanbusch bygde i 1835 tohøgda hus på tuft 61 og vølte mykje um det gamle på tuft 62. Han budde med huslyden sin i det gamle huset og tok til med hotellverksemd i det nye. Det var kalla Vossavangens Hotell. Han hadde tinghaldet og i mange år. Nyebygningen var 14x9 alner og 9 alner under sperri, tekt med pannor. Det var stove, kammers og gang i 1ste høgdi og likeins i 2dre. Nyebygningen var taksera hausten 1835 for 1500 spd. og det gamle huset for 450 spd. Sjå og tuftene 73, 75 og 86.

Gjert Jæger i Bergen fekk i 1866 kjøpekontrakt på husi og heldt fram med landhandelen, øl- og vinhandelen, og hotellverksemdi. Han bygde ei høgd til på gamlebygningen på tuft 62.

Hans K. Dykesten kjøpte i 1868 husi på tuft 60-62 og halvparten i nr. 87 for 1800 spd., vølte mykje um husi, innreidde krambu og dreiv manufaktur- og kolonialhandel og hotell, og fleire år bakeri på tuft 91. Han hadde og nokre år ølhandel i Gastgjevarstova. Seinare bygde han um 2dre høgdi av nyebygningen på tuft 61. Dykesten kjøpte i 1889 eigedomen på tufti 79, som sidan har høyrt saman med Vossavangens Hotell. Frøknerne Anna Isaksen og Kaia Myhre kjøpte husi i 1891, men kort tid etter let frøken. Myhre sin part til frøken Isaksen. Ho dreiv hotellet til 1899, selde då til frøken Maria Norstrand, som i 1904 fekk kongeskøyte på tuftene. Ho kjøpte i 1899 ogso Lars B. Dymbe sitt hus, tuft 57, som ved skyldsetjingi vart bruk 14. Samstundes vart tuft 60-62 bruk 15, tuft 79 bruk 22 og tuft 87 bruk 26. Frøken M. Svendsen kjøpte eigedomen i 1912 og selde att 1917 til fru Elise Jakobsen. Alle dreiv hotellforretning. Medan frøken Svendsen hadde hotellet, heitte det «Grand Hotell». Lutlaget Bondeheimen kjøpte

--- side 124 ---

eigedomen i 1920 og dreiv hotellverksemd og kaffistove og gav hotellet att det gamle namnet Vossavangens Hotell. Magne Prestegard kjøpte hotellet i 1931 og driv det no. Det har 30-40 gjestesenger. Magne er g. m. Kristi Brynjulvsdr. Gjerstad.

Tuft 63, 64, 65. På tuft 65 stod ei bu, som vart rivi ikring 1864. På dei andre tuftene var småe uthus, som vart rivne i 1850-åri. Olav Jonson Dukstad åtte desse husi i 1840-50-åri. Dei var i offentlege skriv stundom kalla Hansatuftene. Truleg hadde dei namnet sitt etter Hans Blomberg og har vel høyrt til gastgjevargarden på tuft 79 frå Henrik Weinwich sine dagar.

Tuft 66. Gnr. 255, bruk 16. Skyld 4 øre. Kaptein Olav Fredrik Øvre fekk i 1842 festesetel på den sokalla «Nyestovegrunn», 19 alner aust-vest og 16 alner nord-sør og tuft til ei bu 7½x8½ alner. I 1841 hadde han kjøpt på auksjon eit våningshus og ei stolpebu av dei gamle gastgjevarbygningane. Øvrestova var berre ei høgd og svært låg, med stove og kjøk i nordaustre og gang i søraustre hyrna. Det hende nok sume tider at køyrarar snerta i stovehyrna, men då vart Olav Øvre rysjande galen, er det fortalt. Han var fødd 1791, var premierløytnant ved vossiske kompani og budde på Vangen i 1824 og seinare. Han var landvernskaptein, veginspektør på Voss i 1830-åri og døydde her 1849. Botolv Ullestad feste tufti i 1851, ho var då 19 al. lang og 14 al. breid. Han bygde nytt bustadhus med krambu. Sonen Styrk Ullestad fekk eigedomen og dreiv manufaktur- og kolonialforretning. Han var fødd 1836, g. m. Ingeleiv Persdr. Lote og døydde 1917. Dei hadde borni Synneva, Helena, Marta og Per. Synneva gifte seg 1887 med gardmann Henrik M. Svartveit og Helena var g. m. furer Mattis Jonson Dukstad. Etter reguleringi av 1886 flytte Styrk huset austover til tufti det no har. Kongeskøyte fekk han på tufti i 1903. Då Styrk Ullestad døydde 1917, overtok sonen Per og dotteri Helena eigedomen og forretningen. Per var f. 1870 og ho Helena 1863. Han døydde 1930 og Helena har no forretningen. Sakførar Håkon Magnussen og meklar Johannes Ygre har kontor der.

Tuft 67, 74 og 76. Gnr. 255, bruk 30. Skyld 3 øre. Jakob von Brandt åtte husi der. Han var kaptein og kompanisjef, fødd 1721. 13. november 1788 selde han husi sine til lensm. Gusskalk Ringheim: «1 Vaaningshus bestaaende af 1 Dagligstue hvori 1 Jern Kakkelovn med Rør og vedstaaende Senge-

--- side 125 ---

kammer, 1 Sal ovenpaa med vedbygget Kammer, Sval og Forstue, alt tækket med Næver og Jord. En nedenfor Huset beliggende Frugt- og Urtehave, hvorudi 1 Hestestald med Foderrum og et lidet Nøst samt 1 Ved- eller Bagerhus med Hage, hvorved et Stykke Jord er udmerket med et Trægjerde for den ommeldte Nøstetomt, som er Gjæstgiveren Ole Reime tilhørende i Stæden for den Tomt, hvorpaa Nøstet er bestaaende.» Klokkar Pål Moltzou


Pålhuset og vegen ned til Vangsvatnet.
Bilete 20. Pålhuset og vegen ned til Vangsvatnet. Fot. Ludv. Bru 1918.

 Jæger kjøpte dette i 1792. Pål var f. 1760, g. 1. m. Elsebø Greve Ravn, 2. 1816 m. Ingebjørg Larsdr. Teigen frå Luster, og døydde 1833. Born med Elsebø: Anna, Nils, Tyche, Nikolai og Ølegård. Born med Ingebjørg: Pål, Ingebrigt, Lars, Kristina. Anna var g. m. Knut N. Bolstad frå Evanger. Nikolai Kasper, f. 1794, var g. m. Gudve Larsdr. Vangen, sjå tuft 72. Ølegård gifte seg med Per Helmers på Florøy. Kristina var g. m. gardmann Torbjørn S. Lund, Vossastrand. Lars og Ingebrigt budde saman med Pål og døydde ugifte. Ved auksjonen futen heldt over bustadhuset i 1798, vart Thyge Jæger i Bergen kjøpar. Han var ein skylding til klokkaren og har vel kjøpt huset so klokkar Jæger framleis skulde få bu der. Klokkaren stelte seg nok låkt i pengevegen, og husi vart tekne frå han på nytt lag. Lensmann Ringheim vart då eigar av dei. Han har i 1818 gjeve sønene åt klokkaren, Pål og Lars Jæger, skøyte på bustadhuset for 200 spd. Pål Jæger

--- side 126 ---

fekk festesetel i 1866 på tuftene 67 og 74, ialt 690½ kvadratalner. Kongeskøyte fekk han 1904 på tuft 74, etter at det ved reguleringi var skore noko burt av grunnen til gator. Pål budde i 2dre høgdi og dreiv med skyssing. Kona hans var den fyrste som tok til å selja kaffi på Vangen. Folk sa at ein kunde få so «fornemmelæ go'o kaffi dar» når ein serskilt bad um det. Pål var f. 1817, g. 1863 m. Ingebjørg Olavsdr. Oppedal frå Ullensvang og døydde 1904. Born: Nils, Olav og Lars, alle i Amerika. Sebastian Jersin og seinare Fredrik Fleischer, som båe budde på Bastryggen, leigde i mange år krambu i huset. Jersin handla med brød, øl, korn, rug, tog, tobakk o. 1. Fleischer handla med brød, øl og vin. G. Nilsen hadde gullsmedforretning i 1ste høgdi i 1890-åri og deretter Bergesen & Apeltun frå 1898-1900. Seinare hadde Lekven og deretter Karl Ingebrigtsen blekksmedverkstad der. Anders D. Prestegard saman med to av systerne sine kjøpte eigedomen i 1916. Dei selde dei gamle husi på tuftene 74 og 76 til burtflytning og bygde nytt bustadhus. Tufti 67 vart ved fyrste reguleringi lagt ut til gate. Der stod ei einhøgda stove som dei kalla «Pålstovo». Det tohøgda bustadhuset på tufti 74 var kalla «Pålhuse».

Tuft 68. Gastgjevar Reime åtte i 1831 bui på denne tufti. Kaptein Øvre kjøpte henne og fekk i 1842 feste på tufti. Ho fylgde sidan med tuft 90 til dess Lars Kindem kjøpte henne i 1883. Tufti vart utlagd til gate ved fyrste reguleringi. Ved sida av denne tufti var i 1851 burtfest ei tuft til fanejunker O. Litsheim, men der kom ikkje hus på henne.

Tuft 69. Tiendabuæ. Gnr. 255, bruk 17. Skyld 2 øre. Til ikring 1907 stod der ei bu, som kyrkjeeigar Fleischer og seinare heradet åtte. Ho heitte Tiendabuæ eller Kalkbuæ. Ho hadde 2 rom med dør ut frå det eine mot vest og det andre mot aust. Vestre romet var for kyrkjetiende og det austre for ymse ting som høyrde kyrkja til. Noko av bui vart i 1907 flytt sørum kyrkja og er no vedhus åt henne (tuft 101 c). Tuft 69 vart deretter lagd ut til open plass.

Tuft 70. Voss Misjonshotell. Gnr. 255, bruk 18. Skyld 6 øre. På denne tufti stod Voss fatighus eller Kjeringastovo, som huset oftast var kalla. Sjå meir um den under Voss Enkjeheim. Gullsmed G. Nilsen kjøpte huset 1900 og fekk kongeskøyte på tufti. Han bygde ei høgd til på det gamle einhøgda huset, og bygde deretter um 1ste høgdi og hadde gullsmedforretning

--- side 127 ---

og brusfabrikk der. Eit lutlag kjøpte so eigedomen, skipa til Misjonshotellet med kafé, som laget dreiv til 1917. Då kjøpte Andreas Kjos det. Han har halde fram med drifti og har dertil siste åri havt konditori der. Han er f. 1882, g. m. Kristina Mo, f. 1881. Hotellet har umlag 30 gjestesenger.

Tuft 71. Tiendabuæ. Gnr. 255, bruk 19. Skyld 1 øre. Eigarane av kongetiendi gav i 1855, 1856, 1862 skøyte til Johannes Finne og Torgeir Kvåle på Tiendabuæ som stod på


Vangen mot vest or kyrkjetårnet, 17. mai 1895. 
I midten Tingstova, i forgrunnen Tiendabuæ og Kjeringastova.
Bilete 21. Vangen mot vest or kyrkjetårnet, 17. mai 1895. I midten Tingstova, i forgrunnen Tiendabuæ og Kjeringastova.

tuft 71. Seljarane og sidan kjøparane nytta henne til å ha tiendakorn i. Voss Veksel- og Landmandsbank kjøpte tufti på auksjon i 1907 og tok henne i bruk saman med tuft 72, då banken bygde seg nytt forretningshus.

Tuft 72. Gnr. 255, bruk 20. Skyld 5 øre. Snikkar Nikolai Kasper Jæger feste tufti, 18 x 12 alner, i 1819 og bygde ei stove som vart heitande «Nikolaistovo». Det var ei stove med 1-2 umfar i 2dre høgdi, med dør inn til gangen på sørsida og dør inn til kjøkenet på nordsida. Nikolai var f. 1794, g. m. Gudve Larsdr. Vangen og hadde 6 born: Brita, Elsebø, Eli, Gjert, Lars og Nils. Brita, f. 1819 var g. m. Lars Johannesson Møl-

--- side 128 ---

sterteigen, skreddar og huseigar på bruk 23 Lekve. Elsebø, f. 1821, var g. m. Nils Johannesson Mølsterteigen, som var husmann på Sauateien, no bruk 23 av Prestegarden. Eli, f. 1822, var g. m. Lars Sveinson Lydvo, husmann i Bokko på Ullestad. Gjert var kjøpmann i Bergen. Lars var sluttar og handelsmann på Vangen, sjå tuftene 32-36. Nils, sjå nedanfor.

Då Nikolai var død, bygde ho Gudve i 1849 tohøgda hus i staden for den gamle stova, 18 x 12 alner og 8 alner høgt under sperret. Sonen Nils Jæger og versonen Nils Mølsterteigen kjøpte huset 1851 og feste noko meir grunn i 1862. Nils Jæger, f. 1826, var g. m. Anna Maria Ottesen. Millom borni deira var Gjert Jæger, sjå tuft 53. Nils Jæger flytte til Hop på Askøyi, då han i 1866 selde huset til høgsterettsadvokat B. Kjerschow. Han bygde til huset på austre enden med stolpeverk. I 1877 kjøpte Voss Forbruksforening huset, fekk seinare kongeskøyte på tufti, og dreiv handelsforretning med vanlege landhandlarvaror. Eigedomen vart i 1903 kjøpt åt Voss Ølsamlag, som tidlegare i nokre år hadde leigt eigedomen, og hadde der sal og utskjenkjing av øl og ei tid ogso vin. Voss Veksel- og Landmandsbank kjøpte eigedomen i 1907. Banken selde huset, som vart flytt til bruk 71 av Prestegarden, og bygde huset som no er på tuft 71 og 72. Sjå tuft 85.

Tuft 73. Prestegårds Hotell. Gnr. 255, bruk 21. Skyld 6 øre. Landhandlar Schlanbusch feste i 1837 og 1841 denne tufti og bygde tohøgda hus med krambu mot gata i 1ste høgdi. Her dreiv han landhandel med tobakk, sukker, sirup, turrfisk, tog, ler, stikkor, tråd, nåler, spekesild, salt, erter, gryn og rug. Der hadde han og utsalet av øl, vin og brennevin, medan utskjenkjingi var i Skrumpen. (Meir um dette i stykket um gastgjevargarden).

David Prestegard kjøpte huset i 1866, dreiv landhandel, skyssforretning, nokre år ølhandel og byrja seinare å ta mot reisande. Då det synte seg at han kunde få fleire reisande enn det var rom for hjå han, bygde han i 1892 nytt hotell på tufti åt det gamle med 35 gjestesenger. I 1903 fekk han kongeskøyte på tufti. David Prestegard var fødd 1838, gift med enkja Ingebjørg Andersdr. Ringheim og døydde 1901. Dei hadde borni: Anders, Anna, Brita, Nils, Ingebjørg, Helena og Marta. Då David var død, dreiv Ingebjørg forretningen til dess sonen Anders Prestegard overtok han og eigedomen i 1913. Etter

--- side 129 ---

nokre år slutta han med handelen, men heldt fram med hotelldrifti til han døydde i 1925. Broren Nils og systri Marta har no hotellet. Nils er f. 1874, g. m. Marta Josefsdr. Lid og har borni: Elisabet, Ingebjørg, David og Josef.

Tuft 75. Gamle skulehuset. Gnr. 255, bruk 29. Skyld 14 øre. Her stod den illgjetne «Skrumpen» i fyrstningi av 1800-talet. Ein veit ikkje, når han var bygd. I Th. Haukenæs si bok um Voss er fortalt, at skrumpestova såg ut soleis: «Først en stor stue med loft, over hvilket der var etpar væggerader, som dannede et lavt, halvmørkt tagkammer. Nede i stuen stod et langt bord med grovt tilhuggede bænke indenfor og en lang krak fremmenfor samt et høisæde for den østre ende. Fire fag vinduer og paa den ene væg et stort skab med brændevinsflasker og glas, og paa samme et aflukke, der saa ud som et stort skab med dør for, men som i virkeligheden skjulte aabningen for nedgangen til kjelderen, hvor de fyldte brænnevinstønder laa, og hvortil der forresten ogsaa førte dør udefra. Endelig førte fra stuens østre ende dør ud til et tilstødende værelse, der kaldtes storkammeret eller lillestuen.

Ved siden af stuen var der et kjøkken, som endnu (1887) har beholdt sit oprindelige udseende, samt i østre ende af kjøkkenet et kammer, der kaldes «Blombergs-kammeret», fordi gamle «Blombergs-Hans» der pleiede at have tilhold og det efter ham havde faaet sit navn. Inde i stuen var endvidere en saakaldt bilægger, en stor ovn, hvori veden lagdes udefra og inde ingen dør havde, samt tæt ved ovnen en stor stamp eller saa, som de kaldte gilsaaen, hvori det nybryggede øl stod og gjærede.

Forresten var baade bord og bænke og gulv gammelt og af daarlig beskaffenhed; markædt og raaddent og sort som den sorte jord, me.d den ene fjælekant op og den anden ned. Men havde disse planker kunnet tale, skulde de vistnok havt meget at fortælle om daarligt snak og vildt skjænderi, voldsomme slagsmaal med knivstik og blodsudgydelse. Et daarligt hus og daarlige forretninger dreves der». Her heldt dei til med brennevinsutsalet til 1842, då det vart flytt til tuft 86. Meir er fortalt um brennevinshandelen og Skrumpen i stykket um gastgjevargarden.

I 1842 kjøpte distriktslækjar H. G. Wille «Skrumpebygningen» og ein flor av O. Dukstad for 527 spd. og fekk same året

--- side 130 ---

feste på tufti, «32 Alen lang langs Postveien og 13 Alen bred i øst, 31½ Alen lang paa Bagsiden og 14 Alen bred i vest med tilliggende Have - - 764 Alen tillige med en Tomt til Udvidelse af Haven af 24 Alen Længde og 5½ Alen Bredde eller 134¾ Kvadratalen». Formannskapet hadde i 1843-44 havt fyre um å byggja på Tingstova både på viddi og høgdi eller byggja på plassen millom tuftene 65 og 66 og hadde fått til rettes noko timber til det bruk. Men tingingane med øverheiti um tuftene hadde teke so lang tid at det ikkje vart noko av byggjingi.


Det gamle skulehuset.
Bilete 22. Det gamle skulehuset.

Wille falbaud so i 1845 husi han hadde kjøpt, nemleg bustadhus med stolpehus, vedhus, flor og hage for 1000 spd., og formannskapet kjøpte det. Bustadhuset var einhøgda. Formannskapet fekk bygt ei høgd til på det i 1846. Heradsstyremøte hadde vore haldne på Seim sidan A. Koren vart ordførar, men 29de oktober 1845 vart det fyrste møtet halde i det nye huset, «Formannskapsbygningen» på Vangen som huset vart heitande. Her heldt dei sidan til med dei kommunale møti, uppbyggjingsmøte og ymse andre møte og samkomor til ikring 1860. I 1845 vart lagt pannetak på huset i staden for helletaket som fyrr var. Distriktslækjar O. N. Walter kom etter Wille og budde der til han døydde 1850. Sorenskrivar J. A. Falch leigde 1850 rom der og sakførar J. P. Wettergren nokre

--- side 131 ---

rom i 1856. Same året fekk Sparebanken leiga «Storakammerset» til kontor for 5 spd. årleg leige, til ikring 1860.

Vangens folkeskule hadde rom der frå 1852 til den nye folkeskulebygningen vart teken i bruk hausten 1914. Den høgre ålmuge- og lærarskule og amtsskulen på Voss heldt til der heile si tid. Frå 1854 hadde klokkaren fri bustad i 1ste høgdi til 1918. 2dre og 3dje læraren ved skulen budde der og. Ola Kindem hadde postkontor der 1864-1869 i 2dre høgdi på «Langakammerset». I slutten av 1880-åri vart 1ste høgdi


Gymnastikkhuset.
Bilete 23. Gymnastikkhuset.

umbygd og retta inn etter den nye reguleringslina for gata. 2dre høgdi vart sett upp att ubrigda. Fr. Fleischer fekk leiga huset til hotell då hotellet hans hadde brunne i 1888.

Heradet fekk kongeskøyte på tufti, selde eigedomen i 1918 til a/s Fleischers Hotell, men kjøpte han attende i 1923 og har sidan halde til der med kommunale møte og med folkebiblioteket. I 1913 vart bygt til på austre enden av huset med 2 brandfrie kvelv i 1ste høgdi. Kontoret for heradskasseraren og krinssjukekassa vart so flytt dertil og alle kommunale møte vert no haldne der. Sparebanken hadde millombils kontor der i 1931-32 til dess den nye bankbygningen vart ferdig.

I 1860-åri vart det bygt gymnastikkhus åt den høgre ålmuge-og lærarskulen nordanfor skulebygningen. Seinare hadde ogso folkeskulen gymnastikk der. Huset har elles vore mykje brukt

--- side 132 ---

til religiøse, politiske og andre møte, til turnøvingar, av song-og musikklag, og til ymist anna. No er det kontor åt Voss kommunale elektrisitetsverk og fatigstellet.

Tuft 77. Ivar V. Bø og Knut Hæve feste tufti 1851 og hadde hestestall der. Ved reguleringi vart tufti utlagd til gate.

Tuft 78. Gnr. 255, bruk 28. Skyld 1 øre. Nils Johannesson Teigen feste tufti 1847 og bygde eit lite tohøgda bustadhus. Knut K. Rokne kjøpte huset, feste tufti i 1855, budde i 2dre høgdi og hadde jarnvarehandel i 1ste. Ved reguleringi vart noko av tufti lagd ut til gate og Rokne selde huset til burtflytjing. Det står no på bruk 71, Fredriksberg, av Lekve. Georg Rokne bygde pakkhus på resten av tufti med tillegg av eigedomen ovanfor. Sjå tuftene 94-96.

Tuft 79, 80, 81 og 82. Gnr. 255, bruk 22. Skyld 12 øre. Her har truleg gastgjevargarden vore heilt frå Henrik Weinwich si tid. Gastgjevar Olav Brynjulvson Øvsthus budde her, men hadde brennevinsutsalet i Skrumpen (på tuft 75). Lensmann B. M. Berg fekk i 1842 feste på tuftene 79 og 80 «paa hvilke den forrige Gjæstgiverbygning med Udhuse og Have findes» heiter det i festebrevet. I 1837 åtte O. Dukstad husi der. Han selde 1842 til lensmann Berg «den saakaldte Nybygning, en Hestestald og Hølade for 526 Spd. og aarlig Afgift til Maria Blomberg for hendes Livstid 14 Spd. 70 Skill». Berg fekk i 1844 skøyte frå enkja etter organist Kyte på eit naust. Tuft 81, 8 alner i firkant, vart i 1838 fest til skomakar Johannes J. Vangen «til derpaa at opføre en Stolpebod». I 1842 fekk Knut G. Vangen og Jens Rivenes feste på nausttuft nr. 82.

På auksjonen etter Berg fekk lensmann V. Chr. Hagerup tilslaget på husi for 900 spd., men sakførar A. Torsen fekk i 1854 skøyte på dei som seinare kjøpar. Han selde husi 1858 til futen Tomas Thode for 1500 spd. Thode var f. ikr. 1798, g. m. Kirsten Pernille og hadde dotteri Hedevig, f. 1850 g. 1869 m. resid. kapellan Johan Lund. Thode flytte til Eide i Granvin, då han slutta som fut. På tuft 82 var etter 1842 kome upp eit tohøgda stovehus, bygt av Nils J. Mølsterteigen. Nils Bø kjøpte huset og dreiv skreddarverkstad. Han bytte i 1861 med futen Thode uti hans uthusbygning som stod på tuft 89 (sjå bruk 2 av Prestegarden). Thode fekk i 1871 feste på tuftene 79-82, i alt 2301 kvadratalner. Han selde i 1874 til sorenskrivar Nils Tambs for 2500 spd. Tambs var f. 1814,

--- side 133 ---

g. m. Abrama Rolfsen og var sorenskrivar på Voss frå 1873 til han døydde 1885. I 1889 kjøpte Hans Dykesten eigedomen som sidan har vore nytta til hotell saman med Vossavangens Hotell (tuftene 60-62, bruk 15). Frøken Norstrand fekk kongeskøyte på tuftene i 1904. Medan fru Jakobsen åtte hotellet, fekk ho bygt tilbygningen på vestre parten av eigedomen.

Tuft 83 og 84. Gnr. 255, bruk 23. Skyld 1 øre. Johannes J. Finne feste tuft der i 1833, 8 alner i firkant. Det må vera tuft 83. Det er fortalt at der på denne tufti var timbra hus, og at der var stolpehus på tuft 84. Johannes har truleg bygt desse husi. Han hadde garveri der. I 1868 selde han husi til futen T. Thode, som i 1871 let dei til David Prestegard. David bygde nytt uthus og fekk kongeskøyte på tuftene i 1903. Eigedomen høyrer no til Prestegårds Hotell.

Tuft 85. Gnr. 255, bruk 24. Skyld 1 øre. Organist Josef Kyte fekk 1834 feste på tuft 10x6 alner. Lensmann B. M. Berg feste henne 1840 og sakførar E. Kjerschow i 1866. Han hadde hestestall og løde der. Han selde huset 1877 til Voss Forbruksforening, som fekk kongeskøyte på tufti, og har sidan vore nytta som uthus åt eigedomen på tuft 72.

Tuft 86. Gnr. 255, bruk 25. Skyld 1 øre. Landhandlar Schlanbusch fekk 1841 feste på ei tuft, 22 x 11 alner, «til derpaa at opføre en Bondestue». Han bygde eit tohøgda hus, og brukte stova i fyrste høgdi til utskjenkjing av brennevin. Huset ervde difor namnet Skrumpen. Medan Gjert Jæger styrde med brennevinshandelen, hadde han og utskjenkjing av brenvin her. Fargar Jon Olsen kjøpte huset og fekk 1871 feste på 160 kvadratalner grunnstykke. Han hadde sidan fargeriet sitt her. Versonen, bakar J. Ingebrigtsen, fekk so eigedomen og selde han i 1929 til G. Rokne.

Tuft 87. Gnr. 255, bruk 26. Skyld 1 øre. Her stod eit eldhus, som Hans Dykesten og sorenskrivar N. Tambs fekk skøyte på i 1868 og 1874. Frk. M. Norstrand fekk kongeskøyte på tufti 1904 som sidan har fylgt med Vossavangens Hotell.

Tuft 88. Gnr. 255, bruk 27. Skyld 1 øre. Nils J. Teigen feste i 1851 9x7 alner her og sette upp naust med løde uppå. Knut Rokne feste i 1871 88 kvadratalner og bygde huset som no er på tufti. Sonen Georg Rokne eig no huset og tufti. Ved reguleringi 1886 vart vedteke at dei som hadde hestestallar på tuftene 43, 48, 77 og andre, som ved reguleringi måtte flytta,

--- side 134 ---

stallene sine og hadde krav på å få tuft att, kunde få tuft i «Strandens Staldtomtbelte» nedanfor tuftene 83-88. Voss Sokneselskap fekk i 1890-åri bygt ein stor hestestall her.

Tufter av Prestegarden.

Alle hustuftene på Vangens Ålmenning (gardsnr. 255), teikna på kartet av 1855, er no umtala. Dinæst kjem me til dei bustader på Prestegarden sin grunn (gardsnr. 48) som låg nær ved Ålmenningen og som vart rekna med til Gamle Vangen.

Tuft 89 og 90. Rosenvang. Gardsnr. 48, bruk 2. Skyld 10 øre. I 1831 var det kome hus på tuft 90, som Josef Kyte hadde fått sett upp. Det er fortalt at huset skulde vera flytt frå garden Kinne. Det hadde 2 høgder med stove, kjøk og gang i 1ste høgdi, sal, 3 små kammers og gang i 2dre. Kyte var skulelærar, postopnar, organist, og ei tid klokkar. Skulestova og postopneriet hadde han i huset sitt. Han var g. 1829 m. Marta Ivarsdr. Melve og døydde 1839, 36 år gamal.

Kaptein Olav Øvre som åtte tuft 66, kjøpte huset i 1839 og budde der til han døydde 1849. Då fekk veginspektør (seinare ordførar) Ola Litsheim det og selde det i 1852 til prokurator Ludvig Krogh. Han fekk festebrev på jordstykket, noko over 1 mål. Krogh bygde til på vestre enden av huset, ei høgd i 1855 og 2dre høgdi der i 1856, sette samstundes upp løde og flor søranfor i merket mot Ålmenningen. Krogh åtte gard på Ullestad frå 1852 til 1860, då futen T. Thode kjøpte garden. Han fekk lødehuset med flor ved byte i 1861 med skreddar Nils Gitleson Bø uti bustadhuset på tuft 82. Nils kjøpte i 1860 bustadhuset på tuft 90 og lødebygningen, og dreiv skreddarforretning og klæde- og kolonialhandel. Han ætta frå Bø i Raundalen, hadde lært skreddarhandverket i Bergen og var g. m. Johanna Jakobsen. Dei flytte frå Voss i 1869.

Lærar Ola Kindem kjøpte husi i 1869, hadde der postkontor til 1875 og prenteverk for bladet «Vossingen», som Kindem gav ut i 1872 og 1873. Han bygde til på nordsida av bygningen og gjorde 1ste høgdi høgare. Ola Kindem var lærar ved den høgre ålmuge- og lærarskule, organist i kyrkja, postopnar frå 1864 til 1875, klokkar frå 1875 og hadde gard på Bryn. Han var f. 1833, g. m. Ingebjørg Larsdr. Takla og døydde 1883. 6 born: Lars, Johannes, Margreta, Olav, Larsina og Martin. Johannes døydde ugift 1877. Margreta, f. 1861, var g. m.

--- side 135 ---

gardmann Sjur Jørdre i Granvin. Olav, f. 1864 er dokter i Amerika. Larsina, f. 1866, g. m. Simon Sellevold, er død. Martin, f. 1870, g. m. Mathilde Eckhoff, er oberstløytnant og bur i Bergen. Lars Kindem kjøpte husi 1882, fekk kongeskøyte på grunnane 1888, reiv lødebygningen og husi han hadde kjøpt på tuftene 54, 55, 56, og bygde i 1883 nytt tohøgda hus på lødetufti (tuft 89) med bustadrom og krambu. Her handla L. Kindem med kolonial-, korn- og mjøl-, jarn-, stein- og tyvaror og støypegods og hadde frå 1885 bok- og papirhandel. Han selde i 1890 det gamle bustadhuset med noko av grunnen til postmeister B. J. Johannessen. (Framhald tuft 90).

Apotekar Th. A. Tangen kjøpte i 1892 nyebygningen med resten av grunnen. Han hadde nokre år fyrr flytt apoteket dertil og budde då til leige. Etter Tangen kom apotekar O. Udbye i 1906, apotekar Fredr. Hertzberg i 1911 og apotekar Sigurd Petersen i 1930. Han døydde 1931 og enkjefru Petersen har no apoteket. Etter at bruk 35 (tuft 90) var fråskilt i 1890 og bruk 42 (tuft 53) i 1892, var skyldi 5 øre på bruk 2.

Tuft 90. Postgarden. Gnr. 48, bruk 35, skyld 3 øre. Denne eigedomen vart utskild frå bruk 2 i 1890 då postmeister Bertil J. Johannessen kjøpte han. Johannessen flytte postkontoret hertil frå Holbergshuset i Prestegarden. Det var altso tridje gongen at postkontoret var her. B. J. Johannessen var fødd i Bergen 1844, g. m. Fredrikke Johannessen og døydde på Voss 1925. Han var bladstyrar, utgjevar og prentar av Søndre Bergenhus Amtstidende og deretter av andre blad, var postopnar og seinare postmeister på Voss. Fr. Kjær vart postmeister her i 1900. Han flytte postkontoret i 1904 til skomakar Brekke sitt hus på bruk 61 av Prestegarden. I 1917 er postkontoret flytt til bruk 53 av Prestegarden.

Det fyrste meieriet på Vangen byrja her i 1885; det var L. Kindem og Josef Lid som dreiv det. Deretter var her i mange år Voss Mineralvannfabrikk, som C. Larssen i Bergen dreiv og seinare H. Berntsen. Postekspeditør Aksel Johannessen, son til B. J. Johannessen, kjøpte eigedomen i 1916 og selde att 1927 til skreddar K. M. Larsen, som driv skreddarverkstad. Larsen er f. 1876 og g. m. Anna Kristensdr.

Tuft 91. Nils Jæger leigde denne tufti av Prestegarden i 1864 og bygde bakeri, som han dreiv. Hans K. Dykesten kjøpte det saman med eigedomen på tuft 60-62. Julius Ingebrigtsen

--- side 136 ---

kjøpte bakeriet og ervefeste tufti 1882. Eigedomen vart seld 1883 til enkjefru Olsen, 1887 til E. Wulff, 1894 til Bernt Nilsen, som alle dreiv bakarforretning. Brødutsalet hadde sume i Pålhuset på tuft 74 og sume i Dymbehuset på tuft 57. Etter at huset hadde brunne, kjøpte Statsbanane tufti på auksjon i 1911 til utviding av stasjonstufti.

Tuft 92 og 93. Rettslokalet og Fengslet. I 1862 vart Rettslokalet bygt og i 1864 Fengslet. Tuftene og hagen vart teke av Prestegarden sin eigedom, men er ikkje skyldlagde. Justisdepartementet oreigna i 1923 frå gnr. 48, bruk 12 eit stykke til utviding av eigedomen åt fengslet. Sjå bruk 93 av Prestegarden. Vaktmeister har vore tilsett ved fengslet sidan det var teke i bruk. Det har vore Ola Litsheim til 1890, Torstein Hellesnes til 1910, O. M. Olsen til 1922 og sidan er det J. Hansen. O. Litsheim vert umtala på Tvilde. T. Hellesnes var f. 1827, g. 1. 1849 m. Anna Eiriksdr. Øvsthus, 2. m. Kristi Eiriksdr. Seim, Granvin. Med Anna hadde han borni: Margreta, Anders, Knut, Eirik, Guro, Lars, Kirsti og Ivar. Med Kristi hadde Hellesnes sonen Nils. Margreta f. 1849 er g. m. Per S. Ringheim i Chicago. Anders, f. 1851, g. m. Katrina A. Bygd og døydde 1920, var gardmann på Bygd, Vossastrand. Knut er gardmann i Østfold, Eirik f. 1859, g. m. Ingebjørg S. Bygd, er fanejunker og gardmann på Bygd, Vossastrand. Guro er g. m. Johannes K. Herheim, som har gard nær Holmestrand. Lars, f. 1865, g. m. Berntine Rud, er utgjevar av bladet Vestmar i Kragerø. Kirsti, g. m. Jon J. Lid, gardmann på Eid, Ivar, f. 1871, g. m. Paula Holmsen, var oberstløytnant og er død. Nils er adjunkt ved Firda gymnas i Nordfjord. Johan Hansen er f. 1872 og g. m. Hilda Pettersen. Sluttarar ved fengslet har vore: Lars N. Jæger, Bjarne K. Skutle, Anders K. Glymme, Mattis J. Dukstad og Lars Kvarakvål. Seinare har det vore sluttar berre når det var bruk for han.

Tuft 94-96. Jernvangen. Gnr. 48, bruk 44, skyld 9 øre. Knut K. Rokne sette upp smidje her i 1852, dreiv smideverkstad og tok til med jarn- og støypegodshandel. I 1859 fekk han av prost Smitt feste på 3888 kvadratalner og bygde 1862 bustadhuset ved hovudvegen. I 1884-85 bygde han innåt på vestkanten og flytte krambui dertil, som fyrr hadde vore i huset hans på tuft 78. I verkstaden arbeidde dei det folk hadde bruk for av smidearbeid, men med åri vart det drive serleg med

--- side 137 ---

hesteskoing og køyregreidor. I 1882 laga dei her den fyrste stolkjerra med fjører under, «vossakjerra», som snart kom mykje i bruk på Vestlandet. Knut Rokne fekk god avsetnad på desse fjørakjerrone. Der vart og arbeidt karjolar og kalesjevogner.

Knut Rokne var son åt smeden Knut L. Rokne, gardmann på Rokne, var f. 1824, g. m. Marta Andersdr. Kvitno og døydde 1904. Dei hadde borni: Knut, Anders, Rannveig, Lars, Georg, Kristi og Olav. Knut, f. 1851, g. m. Anna Tommesen, var formann på mekanisk verkstad i Bergen. Anders, f. 1853, sjå bruk 90 på Lekve. Rannveig, var g. m. gardmann Ivar A. Kvåle. Kristi var g. m. gardmann Ivar P. Store Ringheim. Olav, f. 1867 er bokhaldar på Laksevågs Verk ved Bergen. Lars overtok verkstaden og dreiv han til 1894, då verkstaden vart nedlagd og Lars reiste med huslyden til Amerika. Millom borni hans var den namngjetne fotballspelaren Knute Rockne. Georg overtok jarnvare- og støypegodsforretningen i 1894 og fekk 1895 kongeskøyte på grunnen. Han har dessutan kommisjonslager for a/s Vestlandske Petroleumskompani, for a/s Norsk Sprengstoffindustri, og er disponent for a/s Voss Automobilselskap. G. Rokne er f. 1862, g. 1. 1892 m. Brita Olavsdr. Honve, 2. 1896 m. Anna Olavsdr. Honve, 3. 1907 m. enkja Alida Karoline Skage.

Tuft 97. Der stod ein hestestall, som etter den fyrste reguleringsplanen er riven.

Tuft 98. Umtala saman med tuft 53.

Tuft 99-100. Kronstad. Gnr. 48, bruk 9. Skyld 9 øre. Olav Hallvorson Kronstad bygde umlag 1825 tohøgda stovehus der, og bakeri i 1830-åri. Olav budde fyrst nokre år på Grevle, og det er fortalt at det var eit hus på Grevle han flytte på Vangen. Han var fødd på husmannsplasset Kleiven, nedanfor Seim i Viki, ikr. 1793, g. 1. 1820 m. Ragnhild Knutsdr. Ringheim, 2. 1850 m. Ragnhild Isaksdr. Nyre, og døydde 1868. Nokre år heldt han seg på Kronstad ved Bergen og skreiv seg sidan for Kronstad. Han var overjæger i 1820, seinare sersjant. 7 born: Knut, Ivar, Gunnvor, Torbjørg, Rannveig, Kari, Kristense. Gunnvor f. 1820, var g. m. Nils Torsteinson Lofthus, gardmann på Dukstad. Rannveig, f. 1821, var g. m. husmann Jørgen T. Leiddal. Ivar, Kari og Kristense reiste til Amerika. Sonen Knut Kronstad var f. 1823, g. 1848 m. Anna

--- side 138 ---

Håvardsdr. Nyre og døydde 1914. Han fekk 1852 feste på tufti noko vidare enn fyrr, bygde til på austre enden av bustadhuset, sette upp nytt bakeri og dreiv det til umlag 1875. Seinare dreiv han skyssforretning saman med sonen Lars. Knut Kronstad kjøpte i 1887 tuftene han hadde fest. Likeins kjøpte han i 1890 eit stykke til av Prestegarden innåt eigedomen sin og bygde der seinare ein stor uthusbygning (bruk 9 av Prestegarden). Knut og Anna hadde borni: Olav, Ivar, Lars, Nils, Knut


Vossagata sedd frå Kronstadkloppæ.
Bilete 24. Vossagata sedd frå Kronstadkloppæ. Fot. Ludv. Bru 1920.

Anders, Hans, Kristian og Marta. Anders f. 1860, er g. m. Ingebjørg Helgesdr. Seim, huseigar i Haugamoen. Av dei andre borni er sume døydde ugifte og sume reiste frå Voss. Voss Veksel- og Landmandsbank kjøpte i 1919 det gamle bustadhuset med grunn, som vart bruk 73 Nedre Kronstad og bygde i 1923 tohøgda forretningshus. Der er no lensmannskontor, kontor åt overrettssakførar Kr. Tønneberg, og Voss Glasmagasin har sin forretning der.

Det store uthuset kjøpte a/s Voss Trevarefabrikk i 1919 innåt den andre eigedomen sin. Sjå bruk 9, 36 og 73 av Prestegarden.

--- side 139 ---

Tuft 101 a. Der var ein hestestall som ved fyrste reguleringi vart riven.

Tuft 101 b. Olav A. Prestegard fekk hjå prost Smitt ikr. 1853 feste på denne tufti og bygde tohøgda stovehus der. Olav var f. 1815 på Ullestad, g. 1844 m. Ingebjørg Hallesdr. Prestegard og døydde 1874. Han var skomakar. Dei hadde sønene Anders og Nils. Anders er f. 1844, er skomakar og har huset etter foreldri. Nils, f. 1848, var skreddar og lang tid stemnevitne. Han døydde ugift 1924. Den tid bygdefolk leigde husrom på Vangen til veitlor, heldt dei ofte til der.

Attåt desse eigedomane, tuftene 1-88 av Ålmenningen og 89-101 av Prestegarden, som her er upprekna, kjem på Gamle Vangen tuftene 102-114 i sjølve Prestegarden, og tuftene 115-121 i Kapellansgarden. Alle desse tuftene er tilførde på kartet av 1855.

I fyrste parten av 1800-talet var husi på Vangen for det meste berre på ei høgd. Sume var vanlege røykstovor, men sume var lemstovor. Dei fleste timbra husi var utan bordklædning, men bordklædning kom snart meir i bruk. Alle husi var torvtekte. I 1840-åri har dei teke til med pannetak, og ikring 1860 hadde dei fleste hus på Vangen slike tak. Berre hestestallane og sume uthus hadde då torvtak. Nokre hus hadde tak av store rastehellor. Då rettslokalet og fengslet vart bygde 1862-1864, fekk dei tak av rutehellor, og dette var dei fyrste taki av det slaget på Vangen. So bygde Jon Olsen hus på tuft 41, og han var den fyrste på Vangen som brukte lapphellor til tak. No er helletaki mest einerådande på Vangen. Utvendes måling av husi var ikkje mykje i bruk fyrr i siste halvparten av 1800-talet. Fargane var kvitt eller raudt. Rettslokalet var vel det fyrste som fekk annan farge og vart gult. Seinare har mest alle slags fargar kome i bruk her i ymse samansetjingar.