Bryn.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 281 ---

Bryn, gardsnr. 191, er det 2 småbruk som ligg innanfor Vangsgrensa.

Bruk 7. Arneborg. Skilt ut frå bruk 4 med skyld 4 øre og selt til Arnt Jonson i 1894. Han var gm. Anna M. Veisene. Salmakar Olsen hadde bygt husi der, som A. Jonson kjøpte. Karl J. Kristensen kjøpte eigedomen i 1898 og selde att 1904 til Kristian Karstensen. Snikkar Gudleik Tillung kjøpte deretter eigedomen i 1913. Han er f. 1872 og gm. Brita Klasdr. Vele.

Bruk 20. Ågård. Skilt frå bruk 4 i 1916 med skyld 60 øre og skøytt til Knut E. Bryn. Han bygde og bur der, er f. 1887, gm. Matilda Olufsdr. og har snikkarverkstad saman med P. Tveranger på bruk 140 av Lekve.

Dessutan har Torgeir Bryn eit bustadhus innanfor Vangsgrensa ved sandtaket hans på Bryn. Fyrr stod det på den andre sida av Skratlagroæ, på bruk 4 av Ytre Nyre, der Torgeir kjøpte huset og flytte det heilt som det var over Hardangervegen til sin eigedom.